Alt tyder på at det vil verte fleirtal på Stortinget for å ta imot 10.000 flyktningar frå Syria dei neste to åra. Det vil verte ei både krevjande og kostbar oppgåve, men slett ikkje umogeleg. Vi har klart det før.

Vi står i dag overfor den største humanitære katastrofen sidan andre verdskrig. Borgarkrigen i Syria har drive nærare 12 millionar på flukt. Fire millionar har flykta frå heimlandet, dei fleste til nabolanda.

Andre har søkt mot Europa langs dødbringande fluktruter over land eller over Middelhavet. Krisa i Syria er den viktigaste årsaka til at Europa i fjor tok imot meir enn 800.000 flyktningar, det største talet på 22 år.

Situasjonen er ekstraordinære og lidingane er enorme. Dette påkallar ekstraordinære tiltak. Landsmøtet i Ap gjekk før helga inn for at Norge skal ta imot 10.000 syriske flyktningar fordelt på dei to komande åra.

Venstre gjorde eit likt vedtak helga før, og sjølv om ikkje Senterpartiet og KrF har gitt eit tal, ser det ut til at Regjeringa kan verte tvinga til å gå med på dette. Frp sin parlamentariske leiar Harald T. Nesvik meiner dette både er urealistisk og feil veg å gå.Nesvik har eit poeng i at ein må auke innsatsen for å hjelpe folk der dei er, og at det vil gi fleire hjelp om vi brukar dei same pengane på naudhjelp i Syria og nabolanda. Påstanden om at det ikkje er mogeleg å busetje så mange i Norge, er derimot tynn.

Berre i løpet av tre månader i slutten av 1993 kom det 8.000 flyktningar til Norge frå det krigsherja Bosnia. Det skjedde i ei periode då norsk økonomi var nede i kneståande etter bankkrisa. Arbeidsløysa var på heile åtte prosent inkludert dei som var på tiltak.

Likevel klarte vi å svare på den moralske plikta. Vi gav dei bosniske flyktningane kollktivt, mellombels opphald på humanitært grunnlag. I dag bor det 17.000 godt integrerte personar med bosnisk opphav i landet.

Utfordringane med å integrere flyktningar frå Syria vil kanskje vere større, men å seie at det er umogeleg å busetje flyktningane, står ikkje til truande. For kommunane er dette først og fremst eit spørsmål om pengar. Samanliknar vi vår økonomi i dag med korleis det stod til i 1993, kan vi i alle fall ikkje seie at vi ikkje har råd.