Endeleg kjem ferjepengane på bordet for finansiering av fast vegsamband også på fylkesvegane. Morgondagen blir ein jubeldag for mange som kjempar for nye fastlandssamband langs kysten.

Regjeringa avklarar då korleis dei vil at ordninga for ferjeavløysingstilskot for fylkesvegsambanda skal vere. I tillegg til at ordninga faktisk blir utvida til å gjelde fylkesvegane frå neste år, slik det har vore varsla, ligg der minst to andre godbitar i dette framlegget.

Den største godbiten er at regjeringa opnar for at ein får heile 40 år med ferjeavløysningsmidlar, og ikkje 30 slik det er for riksvegane i dag. I tillegg er det positivt at tilskota ikkje lenger skal knytast til underskot i ferjedrifta, men får grunnlag i eit tilskot per ferje.

I kroner vil dette gi rundt 1,2 milliardar kroner til eit prosjekt som Nordøyvegen. I fall dette resultatet står seg etter at kommuneproposisjonen for neste år er pakka ut og vedteken, er sambandet til Nordøyane langt på veg ferdig finansiert.

Og det er ikkje berre her folk har grunn til å glede seg. Langs heile kysten er det mange store og små prosjekt som har lagt ferjeavløysingstilskot inn som ein viktig del i finansieringa. Rovdefjordsambandet og Langfjordsambandet er to andre døme lokalt. Regjeringa frigjer med dette eit nytt, viktig verktøy som kan gi ny aktivitet og ny optimisme i mange lokalsamfunn. Næringslivet får styrka vekstmogelegheiter, og bygdene og øyane blir meir attraktive som buområde.

Kampen har vore lang og hard, og det har ikkje mangla på lovnader undervegs. At ordninga no går mot ei realisering, er ein siger for fornufta når det gjeld både økonomi og samfunnsutvikling.

Det er meiningslaust å halde på «evige» ferjekostnader i staden for å investere i veganlegg. Det har vore like meiningslaust at det skulle vere skilnad på om ferjesambandet som skal erstattast var eit riksvegsamband eller høyrde til fylkesvegnettet.

Regjeringa skal ha ros for at dei løyser opp i ein floke som skiftande statsrådar har tvinna på i årevis. Enno står det att å sjå alle detaljar i framlegget, men allereie no er det klart at vi får ei ordning som endrar spelereglane for finansiering av fastlandssamband.