I dag møtest dei parlamentariske leiarane for å vidareføre diskusjonen om kor mange kvoteflyktningar frå Syria Norge kan greie å ta imot i år og neste år. På landsmøta sine har parti som utgjer eit fleirtal på Stortinget sagt at vi skal ta imot 5.000 flyktningar i år og 5.000 neste år. Så mange blir det garantert ikkje, i alle fall i år. I budsjettet for i år er det lagt inn mottak av 1500 kvoteflyktningar frå Syria. Skal desse kome i tillegg til dei 5.000? Og kva med dei over 5.000 kvoteflyktningane som har fått opphaldsløyve, men som ventar på mottak fordi kommunane ikkje har plass til dei? Det er nesten 700 barn blant desse. Skal Syria-flyktningane gå forbi dei i køen?

Det er kommuneval til hausten, og for fleire parti er det nok viktig å avklare mottaket av Syria-flyktningar i god tid før valkampen startar. Frp har hatt framgang på fleire meiningsmålingar, og Ap har nærast stupt på dei siste. NRK si måling onsdag viste at partiet sidan landsmøtet har falle frå over 40 prosent og ned til 34,3.

Det er lett å forstå at Jonas Gahr Støre jaktar på eit kompromiss saman med regjeringspartia, heller enn å vere bastant på landsmøtevedtaket om 10.000. Han veit godt kva ein Syria-debatt i valkampen kan føre med seg. Kommunane har vegra seg mot å auke sine mottak. Under 10 kommunar har sagt ja til å auke kvoten sin, og det må ei stor økonomisk gulrot til for å få fleire på gli.

Det verkar som om opplegget frå regjeringspartia blir å seie nei til å ta imot fleire Syria-flyktningar i år, men at ein er open for å auke talet neste år. Dette vil nok ikkje dei andre partia godta. Regjeringa er truleg nøydd til å godta nokre fleire enn dei 1500 som det alt er budsjettert med i år, men det vil ikkje vere mogeleg å køyre over kommunane i denne saka.

Å ta frå kommunane det siste ordet når det gjeld busetjing av flyktningar i eit kommunevalår, vil vere ei taparsak for dei fleste parti. Dei burde sjølvsagt ha tenkt meir på dei syriske flyktningane enn på det som påverkar partioppslutninga, men korkje i Norge eller i andre land er politikarane slik skrudd saman. NRK si meiningsmåling denne veka viser at eit knapt fleirtal på 51 prosent seier ja til å ta imot 10.000 syriske flyktningar. Det er nei-fleirtal i regjeringspartia, men det er også nei frå fjerdeparten av Ap-veljarane.