Bør det opnast for surrogati i Norge? Spørsmålet vart drøfta av bioteknologirådet sist veke, som ein del av rådets evaluering av bioteknologilova. Surrogati handlar om at ei kvinne inngår avtale om å bli gravid og føde eit barn, for deretter å overlate barnet til den eller dei som har bestilt barnet.

Egg- og sædcellene kan anten kome frå bestillerforeldra eller frå donorar, eventuelt kan egg kome frå surrogatmora sjølv. Dei ulike kombinasjonane gir forskjellige former for slektskap mellom foreldre og barn.

Det er gledeleg at rådet konkluderte med at surrogati framleis bør vere ulovleg i Norge. Rådet understrekar at det er avgjerande å ta omsyn til barnas beste i surrogatisaker. Uavhengig av korleis ordninga blir lovregulert, så må barn som blir født som følgje av surrogati bli sikra dei same rettar og moglegheiter i livet som alle andre barn.

Det var eit samla råd som sa nei til kommersiell surrogati, og fleirtalet meinte dessutan at det heller ikkje bør opnast for ikkje-kommersiell eller såkalla altruistisk surrogati. Grensene mellom dei to formene kan lett bli uklare. Eit vektig argument for å seie ja til surrogati er at dette er den einaste måten nokre menneske kan få eigne genetiske barn. Ønsket om eigne barn kan bli så sterk, at alt anna blir underordna. Men surrogati opnar samtidig for konsekvensar på mange område som er alt anna enn ønskjelege. Derfor er det viktig å vurdere spørsmålet i eit samfunnsmessig perspektiv.

Ved å tillate surrogati bryt ein med det grunnleggande prinsippet om at kvinna som føder barnet er barnets genetiske mor, ein av dei få tinga i livet ein til no har vore sikker på. Kommersiell surrogati aukar risikoen for at barn blir objekt for kjøp og sal, og kan gjere det lettare å opne for omsetning av andre kroppslege funksjonar som celler, vev og organ frå menneske.

Det er heller ikkje uproblematisk at kvinnene som leiger ut livmora si ofte kjem frå fattige land. Ein graviditet er ikkje utan risiko. For eit par år sidan vart det kjent at ei indisk surrogatmor, som fødde tvillingar for eit norsk par, døydde like etter fødselen. Mange surrogatikontraktar inneheld dessutan avtalar om reduksjonsabortar, som skal sikre at foreldre ikkje får fleire barn enn dei har bestilt. Det skaper nye etiske problem.

Bioteknologirådet har gjort ein grundig jobb med å vurdere alle sider ved surrogati, og har levert eit solid grunnlag for vidare behandling. Sjølv om det er prisverdig å ville hjelpe barnlause par som av forståelege grunnar har eit sterkt ønskje om å bli foreldre, så er dei samfunnsmessige konsekvensane ved å tillate surrogati så alvorlege, at det ikkje er forsvarleg å opne for denne praksisen. Det finst grenser som ikkje bør overskridast, og det å gjere barn til salsvare er ei slik grense. Det bør politikarane som til slutt skal vedta den reviderte bioteknologilova ta omsyn til.