Eit naust er eit bygg der ein kan lagre båt og vegn. Bruken må sjølvsagt få lov til å bestemme storleiken på bygget. Regelverket må også kunne tilpassast lokale tilhøve, både tradisjon og presset på strandsona.

Kommunalminister Jan Tore Sanner har latt fornufta rå, og lagt grunnlag for ei ny tolking av regelverket. Det er Herøy kommune med ordførar og partikollega, Arnulf Goksøyr, i spissen som har fått gjennomslag for sitt ynskje om å kunne tillate naust på opptil 60 kvadratmeter som ei generell ordning i kommuneplanen.

Fram til Sanner greip inn i saka, sperra regelverket for så store naust. Der stod grensa spikra til 40 kvadratmeter, og ikkje ein kvadratcentimeter større.

I svært mange kystkommunar på Vestlandet er ei slik grense meiningslaus. Vi har ein nausttradisjon der bygga er mykje større. Grindbygde åttringsnaust med plass til både hovudbåten, færing og garnheng er det som dominerer av eldre naust, i alle fall ytst på kysten.

Store naust vil såleis ikkje bryte med byggetradisjonen, snarare tvert imot. Sjølvsagt treng ikkje nybygde naust dei same dimensjonane, sidan dei ikkje skal fylle dei same funksjonane. Men det er nettopp funksjonen som må vere avgjerande.

Er det behov for å byggje større for at naustet skal vere funksjonelt til den bruken det er tenkt, bør det vere rom for det. Samstundes må vi ha eit regelverk som sørgjer for at nausta ikkje vert tilrettelagde for anna bruk enn det eit naust skal vere, og ikkje kunne brukast som fritidsbustader og slik auke privatiseringa av strandsona.

Herøy kommune har eit regelverk som skal hindre slik «misbruk» av naust. Kommune- og arealplanar må i tillegg ta omsyn til graden av nedbygging av strandsona. Det kan til dømes skje ved at ein samlar nausta i klynger, slik det også har vore tradisjon for, eller ved at ein sikrar nok areal som skal vere fri for bygging.

Dette har kommunane og fylkesmennene gode verkemiddel for å sikre. Det er viktig at desse blir nytta også i kommunar der vi meiner vi har rikeleg med fri strandsone. Det er for seint å snu når strandsona er nedbygd. Men det er altså ikkje avgrensing i storleiken på naustet som hindrar nedbygging og privatisering av fjøra.