Sentraliseringa treng inga hjelpande hand. Den har si eiga, sjølvforsterkande tyngdekraft som trugar med å suge livskrafta frå mange bygder. Men Distrikts-Norge er langt frå så kraftlaust som mange trur.

Bygdene har sterke motkrefter som kan mobiliserast mot avfolking og forgubbing og gi nytt liv. Laurdag presenterte Sunnmørsposten korleis folket på Hakallestranda har mobilisert og skapt ny giv i bygda rundt lokomotivet Hakallegarden.

I dag syner vi korleis folket på Skuløy/ Flemsøy har samla kreftene i «øyrådet» med hjelp av solid framtidstru, dugnadsvilje og offentlege bygdemobiliserings-midlar. Dette er berre to av mange døme på optimisme og initiativ i norske bygder.

Slike krefter må vi gi draghjelp og stimulere. Ikkje fordi dei treng kunstig andedrett for å kome til liv, men fordi det er så lett å kvele dei med svartmåling og pessimisme.

Vi må dyrke gründeren og eldsjelene som skaper ny aktivitet, nye produkt og nye arbeidsplassar på bygdene. Vi må dyrke den kunnskapsbasert innovasjonen og fremje entusiasmen.

Norsk distriktspolitikk må byggje på kvaliteten i norske bygder, ikkje på eit bilete måla i grått og svart for å skape mest mogeleg medkjensle. Medkjensle høyrer heime i gravferder, men norske bygder er ikkje i ferd med å døy. Sjølv om stadig fleire vel å busetje seg i byar og tettstadar, er Bygde-Norge framleis svært livskraftig.

Sjølvsagt betyr ikkje det at alt er eller vil bli slik det var før. Norske bygder endrar seg. Skulle berre mangle. Endringar er naudsynt og treng ikkje vere eit trugsmål, sjølv om det ofte kan kjennest slik.

Endring er å møte nye tider og nye utfordringar med nye løysingar. Endringar kan også vere forvitring og tilbakegang. Om vi tek styring på endringane, slik folket på Flemsøy/ Skuløy seier dei ynskjer, kan vi gi dei ei retning som utviklar bygdene og gir optimisme.

Norske bygder treng så visst draghjelp frå ein aktiv distriktspolitikk, men det handlar om langt meir enn økonomisk støtte som ofte har som fremste mål å bevare det beståande. Det er minst like viktig å synleggjere dei mange positive initiativa – både dei som endar med suksess og dei som ikkje når heilt fram.