Frp-leiar Siv Jensen sa i går at ho ikkje har sett justisminister Anders Anundsen sin mykje omtalte skrytevideo, «Trygghet i hverdagen». Ho har prioritert arbeidet med statsbudsjettet. Det er ei klok prioritering.

Alle som har andre ting dei kan bruke tida til, burde ideelt sett gjere same prioritering. Å bruke tid på å sjå den hjelpelause freistnaden på sjølvskryt frå den statsråden som har slite mest av alle med omdømet, vil vere bortkasta for dei aller fleste av oss.

Likevel. Nokre bør setje av tid til å ta seg ein alvorsprat med justisministeren. Siv Jensen bør nok vere ein av desse. Ein ting er kor øydeleggjande dette er for truverdet til forvaltninga av regjeringa sin justispolitikk. Verre er det at han svekkjer tilliten til embetsverket si nøytrale stilling.

Etter at justisministeren sin skrytevideo vart kjend tidlegare denne veka, har den hausta mykje latter. Latter forlengjer kanskje livet, men om det var meininga at den skulle forlenge eit statsrådsliv, er den nokså forfeila.

Kommunikasjonsfagleg er videoen slik eit godt døme på korleis ein kan kløne det til. Det er først og fremst eit problem for dei som har laga den. Så er det eit problem for statsråden og regjeringa som latterleggjer seg sjølv. Slik gjer den seg fortent til ein kraftig intern oppvask.

For alle andre er det eit problem at ein statsråd tar seg til rette på denne måten for å lage ein video som ikkje kan ha anna formål enn å vere propaganda for han sjølv og regjeringa sin politikk midt i ein valkamp.

Anundsen nyttar Politidirektoratet for å hasteetterlyse gladsaker. Han intervjuar som ansvarleg statsråd underordna tenestemenn for til å polere glansbiletet, og han brukar departementet sine kommunikasjonstilsette og skattebetalarane sine pengar til å lage filmen.

Då er det ikkje lenger berre latterleg. Då er det både trist og alvorleg. Kommunikasjonsfagleg er det langt ute i eit etisk sumplandskap, og det er misbruk av embetsverket for ein enkelt statsråd si politiske vinning.

Statsministeren ser at dette er ein vanskeleg grensegang. At Anundsen ikkje ser det må skuldast at han er blenda i glansen av seg sjølv. I opposisjon fremja han sjølv lovforslag for å hindre slik misbruk av embetsverket og sikre den partipolitiske nøytraliteten.