Konsernsjef Erik Espeset i Tafjord Kraft har heilt rett når han peikar på kor halvvegs det vil vere å la det bli med at vi overvaker Åkernesremna for å sikre at ikkje menneskeliv skal gå tapt om fjellet rasar, mens vi gjer ingenting for å berge dei økonomiske og samfunnsmessige verdiane som ei flodbølgje vil øydelegge. Ei grundig utgreiing om kva ein kan oppnå ved å bore seg inn i fjellet for å drenere bort vasstrykket som sprengjer fjellet, burde sjølvsagt ha første prioritet. Ein kostnad på 50 millionar er småpengar dersom ein konkluderer slik som ein har gjort i Canada, at drenering kan stanse utgliding av farlege fjell og i det minste utsetje katastrofale ras. Røynslene frå Canada bør kunne brukast også her. Espeset meiner ei drenering kan gjennomførast til ein kostnad på rundt 250 millionar kroner. Også det er småpengar i høve til dei verdiane ein kan spare. Ei stor flodbølgje som vil kunne rasere mange bygder langs fjordane på Indre Sunnmøre, kan kome til å øydelegge samfunnsverdiar for kanskje så mykje som 50 milliardar kroner. Ikkje berre hus, men også kraftanlegg og anna infrastruktur kan bli øydelagt, og det vil kunne ta år å bygge det opp att. Både staten og forsikringsselskapa burde vere kraftig interessert i å hindre eller i det minste å utsetje ei slik katastrofe.

Det var geologen Anders M. Heltzen frå Ålesund som i si tid lanserte tanken om å drenere vekk så mykje som råd er av vasstrykket som gjer at Åkernesremna utvidar seg. Han meinte det ville kunne stanse, eller i det minste redusere, utglidinga. No stadfesta ein ekspert frå Canada som innleidde på Åknes-konferansen i Geiranger i forgårs, at dei har hatt suksess med slik drenering i bakkant av utglidande og farlege fjellparti. Det som går i Canada, og det som canadiarane har råd til, burde også Norge kunne greie. Røynslene frå Canada tilseier at det går an å bore dreneringskanalar utan å auke risikoen for at utglidinga skyt fart. Norge burde sende ekspertar til Canada for å studere korleis dei går fram.

Det er sjølvsagt viktigast at innbyggarane blir evakuerte og er trygge, men det er for defensivt berre å godta at sjølve raset og flodbølgja kan vi lite gjere med. Vi bør også prøve å berge verdiar som generasjonar har skapt. Drenering av Åkernesremna kan kanskje stanse utglidinga?