Styreleiar Stein Kinserdal i Helse Møre og Romsdal vedgår at helseføretaket ikkje gir folk i fylket eit så godt helsetilbod som vi burde ha fått. Konklusjonen er korrekt, og den må få konsekvensar.

Styret i Helse Midt-Norge skal i morgon handsame eit notat frå administrasjonen i Helse Møre og Romsdal. Det er dette notatet som ligg til grunn for at styreleiaren vedgår å ha mislukkast.

Notatet fortel korleis ein har svikta i å skape ein sjukehusorganisasjon for heile fylket tre år etter fusjonen mellom dei to lokale føretaka. Kinserdal stiller seg bak dette og legg skulda på fogderistrid og sjukehusstrid i nordfylket for at sjukehustilbodet er dårlegare enn det burde vere.

Det er i seg sjølv ikkje oppsiktsvekkjande at lokaliseringsstrid skadar tenestetilbodet. Ingenting er så effektivt i å hindre utvikling.

Vi har sett det i kranglar om skulestruktur og når vegtraséar skal veljast. Slike kranglar fører ofte til at ingenting skjer. Ein løfter alltid lettast når ein løftar i flokk.

Dette er likevel ikkje til å unngå, og slik strid må den som styrer endringsprosessar takle. Folk engasjerer seg når viktige tenestetilbod er i endring. Temperaturen er naturleg nok høg når det handlar om liv og helse.

I eit demokrati vert ulike interesser brotne mot kvarandre. Det er heller ikkje noko mål å unngå dette. Slik kjem ulike synspunkt og argument fram, vert kasta lys over og gir grunnlag for gode avgjerder.

Når slike prosessar går gale, kan ein ikkje skulde på fogderistrid. Ansvaret ligg hos den som sit ved roret, ikkje på dei som engasjerer seg for sine interesser. Det er skilnad på gode prosessar og på dårlege. Det er når prosessane er dårlege at resultatet blir dårleg.

Gode prosessar er opne og gir tryggleik for at ein byggjer på eit solid faktagrunnlag, lyttar til alle og tar omsyn til dei ulike interessene. I kommunikasjonen må ein skape tillit til at alt er gjort for å få eit best mogeleg resultat, og at ikkje nokon er utsett for ureint spel.

I saka om sjukehuslokalisering i nordfylket vart denne tilliten knust i innspurten. Det ansvaret har Kinserdal saman med sentrale personar i leiinga i Helse Midt-Norge. Eit slikt ansvar har sin pris.