Endret: 15.07.2010 kl. 10:05
Reiselivspolitikken er i praksis spreidd over fleire departement
To år på rad er fjordane på Vestlandet kåra til verdas mest attraktive reisemål. Verdsarvstatusen gir både regionen og Norge eit unikt grunnlag for å utvikle reiselivsnæringa vidare. Utfordringa er å forvalte denne arven på beste måte.
Fleire har tatt til orde for at det er behov for ein eigen reiselivsminister. Ein av dei er reiselivssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Geir Steinar Vik, som i ein kronikk i gårsdagens avis etterlyser konsekvensutgreiingar for reiselivet i viktige saker. Vik peikar på at konkurransen i det internasjonale reiselivet blir stadig hardare, og dess viktigare er det at vi tek vare på det som er råvara i norsk reiseliv, nemleg rein og urørt natur.
I dag sorterer reiseliv under næringsministeren, og er eit av fleire fagområde han har ansvar for. Reiselivspolitikken er i praksis spreidd over fleire departement. Samferdselsdepartementet har hatt ansvar for prosjektet norske turistvegar, Landbruksdepartementet har lagt sterke føringar for norsk matturisme, medan Fiskeridepartementet styrer forvaltninga av turistfisket. Finansdepartementet utarbeider avgiftene som mellom anna får konsekvensar for cruiseindustrien og Miljøverndepartementet tek hand om kulturminna, for å nemne noko.
Det var gledeleg at regjeringa etablerte ein eigen reiselivsseksjon i Nærings- og handelsdepartementet i samband med strategiplanen for reiselivet. Men vi ser likevel ein fare for at reiselivet ikkje får det fokus som er nødvendig, i saker der det er sterke og kryssande interesser. Og sidan reiseliv er ei av våre viktigaste næringar i framtida, er det avgjerande at næringa blir lytta til. Vi støttar difor tanken om ein reiselivsminister på heiltid, som har utvikling av denne næringa som si hovudoppgåve.
I går var det fem år sidan år sidan Geirangerfjorden og Nærøyfjorden kom med på UNESCO si verdsarvliste. Kva effekt verdsarvstatusen har hatt å seie for tilstrøyminga av turistar, er det førebels vanskeleg å seie noko om. Men plasseringa på verdsarvlista har utan tvil ført til auka merksemd om dei verdiane som ligg i området. Då meir enn 400 ekspertar på reiseliv plasserte Fjord-Norge på topp mellom 133 av verdas fremste reisemål, vart det lagt stort vekt på at desse fjordområda framstår på ein autentisk måte. Det er kombinasjonen av vill og mektig natur, og spor av menneska som har livberga seg i desse landskapa, som gjer opplevinga så sterk. Desse kvalitetane må ein ta vare på og utvikle vidare.
All næringsutvikling som skal vere framtidsretta, må ta omsyn til miljøet. Ei viktig oppgåve for ein reiselivsminister måtte difor vere å få til meir miljøvenlege former for turisme. Då kan ein sikre at også framtidige generasjonar vil ha glede av verdsarven.

