Leiar onsdag 25. januar 2012:

Lettbeint om sidemål

Kunnskapsministeren meiner at norskfaget er for travelt. Svaret hennar er å kutte på sidemålet. Slik trur ho norske skuleelevar kan bli betre i norsk.

Ei arbeidsgruppe er i gang med å lage framlegg til ny læreplan i norsk. Det er i denne samanhengen Kristin Halvorsen (SV) slår lag med «vestkant-Høgre», og går til åtak på nynorsken.

For det er nynorsken dette handlar om, sjølv om dei som har nynorsk som hovudmål sjølvsagt også vil få mindre undervisning i bokmål. Samstundes vil også Halvorsen gjere norskfaget mindre omfattande.

Høgre og Framstegspartiet har programfesta at dei vil gjere sidemål valfritt om dei kjem til makta etter neste val. SV har på si side programfesta jamstelling mellom dei målformene. Men no seier ministeren i eit intervju med Dagsavisen at språkleg jamstelling i skulen er urealistisk.

I dag har elevane i ungdomsskulen skriftleg side målsundervisning frå niande klasse. Norsk har tre standpunktkarakterar – hovudmål, sidemål og munnleg. Elevane kan også kome opp i sidemål i eksamen.

I framlegget som er skissert, fell sidemålseksamen bort i vidaregåande skule saman med standpunktkarakteren. Samstundes skal kompetansemåla verte senka.

Kristin Halvorsen er ikkje på kollisjonskurs med den store hop i denne saka. Språkrådet gjorde i fjor ei undersøking som synte at over halvparten av norsklærarane ville skrote den språklege jamstellinga mellom nynorsk og bokmål. Vi veit også at mange bokmålselevar har stor motstand mot sidemålsundervisning.

Slike undersøkingar syner at norskfaget har sine utfordringar. Tida er heilt sikkert inne for å fornye læreplanen. Det er viktig å ha god undervisning i norsk, også av omsyn til andre fag og generell meistring.

Ei slik fornying bør vere tungt fagleg og kulturpolitisk grunngjeven. Kunnskapsministeren er allereie no klar på at jamstelling mellom nynorsk og sidemål er eit spor ein må ut av.

Konklusjonen er trekt på eit altfor tynnt grunnlag. I skulen er det mange døme på korleis ein kan fornye undervisninga for å få betre utbyte og resultat – også i sidemål.

Ved «bokmålskulen» Kolvikbakken skule i Ålesund vart det til dømes for eit par år sidan sett i gang eit prosjekt. Nynorsk vart trekt inn i andre fag mellom anna ved at ein nytta nynorske lærebøker og skreiv på nynorsk.

Dette og tilsvarande prosjekt syner ofte at ein med enkle grep kan fornye undervisninga, bryte ned språklege tersklar og oppnå betre resultat. Samstundes som elevane får betre resultat i nynorsk aukar den generelle språkkompetansen.

I staden for å bykse etter populistiske standpunkt bør ministeren sjå på korleis ein kan gjere undervisninga betre. At ho trur ein blir betre i norsk av å lære mindre av det, tyder på at også læreplanen i matematikk bør stå framfor ei fornying.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Kristin Halvorsen (SV) slår lag med «vestkant-Høgre», og går til åtak på nynorsken

Leses nå