Kanskje nettopp derfor vart ei lita annonse i Aftenposten eitt av dei viktige innspela i samfunnsdebatten i adventstida i år. Reidun Synnøve Orest (88) søkte i den annonsen etter selskap på julaftan.

Slik sette denne modige kvinna søkjelys på eit veksande samfunnsproblem. I ei tid der det er stadig lettare å kommunisere, slit mange med einsemd. Ein kan ha stor sosial omgangskrets og mange vener på Facebook, og likevel vere einsam.

I jula er vi ekstra opptekne av dei nære relasjonane, familie og hygge. I dei mjuke strålane frå julelysa blir derfor einsemda ekstra tydeleg og sår for den som opplever sakn.

Undersøkingar syner at ein stad mellom kvar femte og kvar fjerde av oss er plaga av einsemd ofte eller av og til. Blant dei som er utan fast arbeid eller som slit med dårleg helse er det ein overvekt med einsame.

Det same gjeld blant eldre kvinner. Men også blant dei heilt unge finn vi mange som kjenner på einsemda. Sjølv om einsemd råkar mange, er det eit tema som er tabubelagt. Mange kjenner på skam og føler dei er mislukka om dei er einsame.

Difor prøver dei fleste å skjule korleis dei har det. Dessverre bidreg dette både til å forsterke smerta og til at det blir vanskelegare å ta tak i problemet - både for den enkelte og for samfunnet.

Openheit om einsemd er viktig. Å vite at ein ikkje er åleine om å ha det slik, kan gjere børa lettare å bere. Samstundes er det ein invitasjon til kvar og ein av oss om å engasjere oss i kvarandre.

Heldigvis er det mange som gjer det. Denne jula er det open julefeiring mange stader. Nokre vel på denne måten å gjere sitt for at litt færre skal verte nøydde til å grue seg til julaftan.

Eit slikt døme er den opne julefeiringa i Spjelkavik kyrkjelyd. Der er familien Bøyum vertskap for julefeiringa for andre år på rad. Slike eldsjeler i bygd og by utgjer ein viktig skilnad for mange på ein dag som kan vere ekstra vanskeleg.

Jorun Bøyum nyleg sa noko viktig om dette i eit intervju i Sunnmørsposten nyleg: «Folk er einsame andre dagar også». Det søkjelyset som er retta mot einsemda gjennom Orest si vesle annonse, bør vi ta med oss vidare også etter at julefeiringa er over.

Ansvaret for å skape eit samfunn der vi syner omtanke og varme for kvarandre, kviler på oss alle. I alt vårt jag etter karriere, materiell rikdom og suksess må vi lære oss å stoppe opp og sjå menneska rundt oss. Vi må lære oss å syne at vi bryr oss.

Ingen er vellukka gjennom eit heilt liv. Alle kan ha periodar då dei kjenner seg einsame og ekstra sårbare. Då kan ein invitasjon eller ei helsing gjere godt. Det er når vi syner slik omtanke for andre at vi skaper dei viktigaste verdiane vi byggjer samfunnet på.