Norge ligg på verdstoppen når det gjeld folks tillit til kvarandre. I den internasjonale undersøkinga World Values Survey er 74 prosent av nordmenn einige i denne utsegna «Folk flest er til å stole på», og det er ingen andre land som kan vise til tilsvarande høgt nivå. Like bak Norge kjem dei andre skandinaviske landa, og professor i samfunnsøkonomi ved Norges Handelshøyskole, Alexander Cappelen, hevdar at tilliten er ein hovud-årsak til at dei skandinaviske landa har så høg levestandard.

I eit intervju med Aftenposten seier han at tillit er ein viktigare ressurs for Norge enn oljen. Det har han heilt rett i. Den dagen nordmenn sluttar å stole på kvarandre, får det store konsekvensar for heile økonomien til landet. Så når folk snyt på skatten eller misbrukar trygdeordningar kan dei kanskje oppnå vinning på kort sikt, men på lengre sikt blir det veldig dyrt.

Forskarar har forsøkt å rekne ut kor mykje tillit betyr for ulike lands velstandsnivå, og har kome fram til svært store beløp. I Russland er det 27 prosent som meiner at «folk flest er til å stole på», mot 74 prosent i Norge. Dersom nivået hadde vore like høgt som i Norge, ville russarane vore 70 prosent rikare, hevdar forskarar.

Årsaka er at manglande tillit svekkjer strukturane i samfunnet. Mistillit skaper behov for mange kontrollar, og behov for kontrollørar som må kontrollere kontrollørane. Det blir dyrt og lite effektivt. Mangel på tillit kan føre til at avtalar, som er gunstig for alle partar, verken blir inngått eller gjennomført fordi ein ikkje kan kontrollere at ein ikkje blir lurt. Og dermed blir alle taparar.

Høg tillit mellom nordmenn kan ha samanheng med at vi er eit gjennomsiktig samfunn med stor grad av openheit. Misforhold blir synlege gjennom media, og folk har ulike kanalar for å delta og ytre seg. Frivillige organisasjonar og dugnadskulturen som lærer folk å samarbeide, spelar også ei viktig rolle.

I eit fleirkulturelt samfunn blir det avgjerande at vi lukkast med å skape gode fellesskap på tvers av etniske og religiøse skiljeliner. God kontakt mellom menneske med ulik kulturbakgrunn, reduserer fordommar og byggjer tillit. Tillit kan ikkje vedtakast, men det er heldigvis smittsamt. Når menneske blir møtt med tillit, er det stor sjanse for at dei vil møte andre med tillit også.

Den siste undersøkinga frå World Value Survey er nokre år gamal, og Aftenposten ville sjekke korleis det står til med folks tillit i dag. Nyleg gjennomførte avisa ein test der 20 lommebøker med bankkort og kontantar vart «mista» på ulike stader i Oslo. I lommeboka låg telefonnummeret til eigaren. Men kor sannsynleg var det eigentleg at folk ville ta seg bryet med å levere pengane tilbake? Etter alle oppslag om ransbyen Oslo var det mange som vart overraska over resultatet: Totalt 15 av dei 20 lommebøkene kom til rette med bankkortet i. Det er gledeleg at så mange velde å gjere det rette, og det gir håp om at vi kan bli verande på verdstoppen.