Regjeringa ønskjer å kutte i produksjonsstøtta til lokalaviser som er størst eller åleine i sitt nedslagsfelt. Forslaget råkar ikkje berre ei lang rekkje lokalaviser i vårt område, men kan også svekke bruken av nynorsk som skriftspråk.

I regjeringas forslag til statsbudsjett for neste år vart pressestøtta foreslått redusert med drygt 26 millionar kroner. Dette blei stoppa av KrF og Venstre i forhandlingane på Stortinget, og gleda var stor då alle trudde striden var over. Men så sender Kulturdepartementet ut eit forslag på høyring der aviser som har ein dominerande posisjon i sin lokalmarknad, og eit opplag på mellom 4.000 og 6.000 eksemplar, ikkje lenger skal få pressestøtte. Dette er eit forslag som vil råke mange lokalaviser på Nordvestlandet som bruker nynorsk i alle samanhengar.

Pressestøtte har vore ein føresetnad for at nynorsk som avisspråk har fått utvikle seg. Dei små lokale fådagarsavisene er nære og viktige stemmer som bidreg til å skape større mangfald.

På ein heilt urimeleg måte kan Kulturdepartementet kome til å råke aviser som har nynorsk som si berande språkform, og dette gjeld aviser både på papir og digitalt. Vi er slett ikkje sikre på at departementet har vore klar over effekten av dette framlegget.

For ordens skuld gjer vi merksam på at avisa Sunnmørsposten ikkje får produksjonstilskot, men konsernet Sunnmørsposten eig fleire lokalaviser som får støtte, og som vil bli direkte råka av forslaget.

Ifølgje Mediebedriftenes Landsforening (MBL) omfattar kuttforslaget 30 aviser. I vårt område gjeld det Møre-Nytt, Vikebladet-Vestposten, Vestlandsnytt og Fjordingen, samt Fjordenes Tidende som er tospråkleg.

Dette er veldrivne lokalaviser, men fleire av dei har svært små driftsmarginar. Konsekvensen av å skulle redusere den økonomiske støtta i ei tid då heile mediebransjen står midt i ein krevjande omstillingsprosess,kan bli svært alvorleg

Vi meiner det er særs viktig for nynorsken si stilling at lokalavisene lykkast i omstillinga frå å vere tradisjonelle papiraviser til å bli mediehus som publiserer på fleire plattformer, og då kan ikkje rammevilkåra bli vilkårleg endra.