Så lenge så mange er villege til å ofre så lite kan det sjå mørkt ut for klimaet på kloden. Optimismen i den siste delrapporten frå FNs klimapanel kan fort slå over i dystert svartsyn fram mot klimatoppmøtet i Paris neste år.

Den tredje delrapporten i klimapanelet si nye, samla klimavurdering gir håp. Rapporten slår fast at vi framleis kan bremse den globale oppvarminga om vi skrur opp farta i klimakampen. Det er den gode nyheita. Men vi må handle raskt, og heile verdssamfunnet må vere med. Den dårlege nyheita er at utsleppa av klimagassar har auka sterkt og nådd nye rekordar det siste tiåret. Verdssamfunnet har ikkje gjort nok for å nå sine eigne mål. Utviklinga går framleis i stort tempo i feil retning.

Globalt samarbeid er nøkkelen til synlege resultat i klimakappløpet. Utan ei brei, global semje om tiltak vil vi tape dette kappløpet. Det neste slaget står på klimatopp-møtet i Paris neste år.

Allereie no er det klart at vegen til semje der blir tung. Dette har seinast kome til syne før framlegginga av den siste delrapporten i Berlin i helga. Fattig står mot rik i strid om kven som skal bere mest skuld og kven som må bere det største ansvaret for dei naudsynte kutta.Utviklingsland som India og Brasil har hatt stor økonomisk vekst, delvis bygd på ein «renessanse» av kol som energikjelde. I andre enden pregar etterdønningane av den økonomiske krisa dei store, rike utsleppslanda. Midt mellom står energinasjonar som Norge som har store inntekter frå fossile energikjelder.

Hovudbodskapen frå klimapanelet er at vi framleis har eit val. Men då må vi raskt over på meir fornybare energikjelder. Vi må også vere viljuge til å la lett tilgjengelege olje- og kolreservar bli liggjande der dei er.

Samstundes må vi sørgje for overgang til meir energieffektive teknologiar, snu avskoginga og etablere effektiv karbonfangst på fabrikkar og kraftverk. Tiltaka vil berre bli dyrare og meir smertefulle om vi ventar.Klimapanelet seier vi kan klare dette utan store kutt i den økonomiske veksten. Likevel vegrar vi oss og held fast på våre posisjonar. Ein slik stillingskrig har ingen vinnarar. Vi må våge å ta det første steget og risikere å ofre noko. Elles står våre barnebarn att som taparar.