Regjeringa har avgjort kvar ein framtidig, ferjefri E39 skal gå gjennom Møre og Romsdal. Avgjerda er eit viktig steg framover. Etter påske vil trasévalet for Nordfjord også vere klart, men framleis er det langt att.

Anten ein feirar eller sleikar sår etter desse trasévala, bør ein leggje det raskt bak seg. No er det viktig å brette opp ermane og ikkje slakke på det politiske trykket eller framdrifta i planlegginga. Trasévalet er ingen garanti for realisering av alle fjordkryssingane.

Samla vil ein ferjefri E39 vere eit historisk kjempeløft på samferdslefronten for Vestlandet, med ein samla pris på minst 150 milliardar kroner. Landsdelen stått samla om dette kravet og klart å etablere dette som eit breitt politisk forankra prosjekt, men det er ikkje gitt at denne visjonen overlever dei neste 20 åra.

Motkreftene mot ei slik samferdslesatsing er mange og sterke. Det er heller ikkje slik at dei som er imot kostbare fjordkryssingar som bind landsdelen saman, er utan saklege argument.

Motstanden spenner frå dei som konkurrerer om kroner frå den same samferdslepotten til miljøinteresser og ulike fagmiljø. Før valet freista enkelte å setje Intercity-satsinga på Austlandet opp mot ferjefri E39. Her vart landsdel sett mot landsdel og vegtrafikk mot miljø.

Slikt vil vi mykje av framover. Også i fagmiljøa er det skepsis. Frå Transportøkonomisk institutt kom i fjor ein rapport som sa at ein ikkje burde bruke meir tid på å planlegge sambanda i Møre og Romsdal og «heller ikke gi folk illusjoner om at de noen gang bør bygges».

Busetnad, næringsutvikling og verdiskaping på Vestlandet er avhengig av betre samferdsleløysingar. Ikkje berre er det viktig for dei som sjølve bur her, men også for framtidig nasjonal verdiskaping.

Ei slik samferdslesatsing må kvile på desse verdiane. Dette handlar om å utvikle og styrke kysten for å utvikle og styrke heile landet.

Som landsdel må vi stå samla om å synleggjere desse verdiane. Som region må vi stå samla om å realisere måla. Motsett vil visjonen om ferjefri E39 frå Kristiansand til Trondheim etter kvart kunne bleikne. Står vi mot kvarandre, kan solidariteten som har bore denne visjonen fram, snart smuldre opp.