I heile år markerer vi at Grunnlova er 200 år. Grunnlova vart vedteken på Eidsvoll 16. mai i 1814, og korrigert og tilpassa unionen med Sverige den 4. november same året. Grunnlova vart skriven på dansk som på den tida var skriftspråket her i landet, og fram til 1903 var den norske Grunnlova på dansk. I 1903 vart dansken litt moderert og skrivemåten av mange ord vart oppdatert, men framleis vart nok språket i Grunnlova oppfatta som dansk.

Slik har det vore heilt fram til vår tid, og for moderne normalt kompetente menneske er mange av orda i grunnlovsteksten vanskelege å forstå. Når der står: «Jord og Boslod kan i intet Tilfælde forbrydes», så melder dei fleste pass. I ein moderne bokmålsversjon av Grunnlova som er utarbeidd av jussprofessor Hans Petter Graver er paragrafen blitt slik: «Ingen skal bli fradømt sin faste eiendom eller hele sin formue på grunn av en forbrytelse». Det er til å forstå.

I dag er det slik at når nye paragrafar i Grunnlova kjem til, eller når dei eksisterande blir endra, så blir dei nye paragrafane og endringane skrivne etter rettskrivinga frå 1903. Dei som ønskjer det slik, ser på Grunnlova meir som eit monument enn som ein arbeidsreiskap. Det finst dessutan mange moderne, men uautoriserte versjonar av Grunnlova som folk kan gjere seg nytte av. I 1875 vart Grunnlova for første gong omsett til nynorsk, og professor Nikolaus Gjelsvik laga ein ny nynorskversjon i 1901, men stortingsfleirtalet avviste blankt å gjere nynorskversjonen likestilt med den danske.

No i jubileumsåret og i jubileumsmånaden mai skal Stortinget drøfte ei rekkje grunnlovsspørsmål, og det viktigaste er kanskje om språket i Grunnlova skal moderniserast. Ein komite har vore i sving, og det er utarbeidd to bokmåls- og eitt nynorsk framlegg til grunnlovstekst. Det eine bokmålsalternativet er utarbeidd av språkprofessor Finn-Erik Vinje og er i eit meir høgtideleg og mindre moderne språk enn det som jusprofessor Hans Petter Graver har fått utarbeidd. Han har også vore ansvarleg for nynorskversjonen, men har hatt hjelp både av Språkrådet og andre.Førebels ser det ut til at dei raudgrøne partia ønskjer ei modernisering av språket, Framstegspartiet ønskjer seg Finn Erik Vinjes moderate versjon, mens både KrF, Venstre og Høgre ser ut til å falle ned på at ein språkleg sett vil halde på Grunnlova slik ho er.

I det ligg vel også at desse partia ønskjer at nye paragrafar skal formulerast etter 1903-rettskrivinga. Dette kan medføre at det ikkje vil vere grunnlovsmessig to tredels fleirtal for nokon av dei to bokmålsversjonane, mens det kanskje ligg an til fleirtal for den moderne nynorskversjonen. Alternativt vil det ikkje vere fleirtal for endringar i det heile. Ved å la alt vere som før, vil grunnlova i sterkare og sterkare grad bli eit verktøy for juristar, mens vanlege folk blir meir og meir ekskludert frå å lese og forstå innhaldet. Det finst sjølvsagt uautoriserte versjonar både på bokmål og nynorsk, men det blir ikkje det same.