Så langt i år har det rømt meir laks frå norske oppdrettsanlegg enn i heile fjor. På same tid i fjor var talet null. Rømmingstala syner at næringa framleis har store, uløyste utfordringar, sjølv om mykje er gjort.

Rømt laks utgjer ein av dei største risikofaktorane ved norsk oppdrettsnæring. Dette problemet utgjer framleis ein stor fare for dei unike villaksstammane i norske lakseelvar. Små villaksstammar er meir utsette enn små.

Vi veit at kryssing mellom vill og oppdretta fisk skjer. Det er også påvist genetiske endringar i villaksstammer, men omfanget er ukjent. Innslaget av rømt oppdrettslaks i lakseelvane er likevel så stort at vi kan slå fast at det er eit alvorleg skadepotensial.

Så mykje som kvar tiande laks i undersøkte elvar er ein rømling. Det seier sitt om faren rømmingane representerer.

Trass i dystre tal så langt i 2014, ser det heldigvis positivt ut over tid. Det verste rømmingsåret dei siste ti åra var 2006. Då rapporterte næringa om over 920.000 rømde fisk.

Slitasje og feil på utstyr er dei viktigaste årsakene til lakserømming. Uheldigvis har det også skjedd fleire rømmingar i samband med avlusing, det andre store problemet næringa slit med.

Betre utstyr og betre rutinar har redusert rømmingane frå dei svært høge nivåa for rundt ti år sidan. I åra etter 2006 har talet vore på rundt 200.000 i snitt årleg trass i at det går stadig meir laks i anlegga. Det beste året var i 2012 då under 40.000 laks rømde.

Dette syner at næringa har teke problemet på alvor, og at den også har vore i stand til å gjere effektive tiltak. Tiltaka må no forsterkast. Vi kan ikkje tillate at den positive trenden snur.

Vi må tvert imot redusere dei kraftig frå det gjennomsnittet vi har hatt. Lakserømmingane gir framleis grunn til stor uro. Nye analyser fortel dessutan at dei rapporterte tala er minimumstal. Analyser av gjenfangst tyder på at den faktiske rømminga er fleire gongar høgre enn den rapporterte.

Skal næringa få rom og tillit til vidare vekst, må rømmingstala ned. Lakserømmingar kan gjere uoppretteleg skade på mindre villaksstammer over tid, og vi kan ikkje ta oss råd til å spekulere med desse som innsats.