I Herøy har dei klart å samle dei i eitt ord. Grunnlaget for psykiatrisuksessen der er ei systematisk og målretta satsing på alderspsykiatrien.

Ordninga som er prøvd ut i Herøy, inneber at eldre med psykiatriske lidingar får behandling der dei bur i staden for å reise til poliklinikken i Ålesund. For dei eldre som er omfatta av dette tilbodet, betyr det mindre reising, mindre uro og ei betre behandling.I førre veke kunne Sunnmørsposten fortelje at satsinga skal førast vidare til heile søre Sunnmøre. Prosjektet får 1,7 millionar kroner frå Helse Midt-Norge for å utvide tilbodet til alle dei sju kommunane i regionen.

Utvidinga inneber at fleire vil få eit psykiatrisk tilbod der dei bur, i tråd med intensjonane i samhandlingsreforma. For kommunane i samarbeidet betyr det at dei gradvis kan få styrka kompetansen på fagfeltet.

For alle kommunane i nordvest som ikkje vert omfatta av dette samarbeidet, bør suksessen i Herøy verte ein augeopnar. Alderspsykiatrien vil krevje stadig meir av kommunane og primærhelsetenesta framover.

I tiåra som kjem vil vi få ein stor auke i talet på eldre, og med dette vil også utfordringane i alderspsykiatrien bli større. Dette handlar om at talet på eldre med demenslidingar vil verte fleire, men også at lover og forskrifter på dette området stiller større krav.

Alderspsykiatri er eit lenge undervurdert fagfelt, med store utfordringar knytt til samspelet mellom psykiske lidingar og somatisk sjukdom. Dette stiller større krav til tverrfagleg tilnærming enn i vaksenpsykiatrien elles både når det gjeld utgreiing og behandling.

Det er også viktig med individualisert behandling, og at pasienten sin sjukdom blir sett i samanheng med heimemiljøet og familien. Pårørande må også vere tett inkludert i behandlinga. Det seier seg sjølv at dette er lettare om ein «flyttar poliklinikken» dit den eldre bur. Dette bør heller vere hovudregelen i alle kommunar med ein viss avstand til eksisterande poliklinikkar. Kommunane må ta denne utfordringa på alvor, og ikkje la alderspsykiatrien bli eit stebarn under samhandlingsreforma slik fagfeltet lenge var under vaksenpsykiatrien.