Terrorismen er ein global realitet som vi må ruste oss mot, effektivt og målretta, før den råkar oss igjen.

PST har blitt varsla om at det er planlagt eit terrorangrep i Norge om få dagar. Åtvaringa er konkret, men tryggingstenestene veit ikkje eksakt når angrepet skulle skje, kva mål som er utpeika og heller ikkje bestemt kven som skal stå bak.

Terrorberedskapen i landet vårt er no heva til det høgaste nivået vi har sett sidan timane etter terrorangrepet for tre år sidan. Væpna politi patruljerer flyplassar over heile landet, vakthaldet på andre mogelege terrormål er skjerpa og grensekontrollen er styrka.

Terrorismen som no trugar er fostra opp i blodbadet i Syria. Krigen i landet er den nye generasjonen av unge, vestlege islamistar sin jihad. Den meir enn tre år lange borgarkrigen har gjort landet til ein yngleplass for valdeleg ekstremisme.

Minst eit par tusen europearar har kasta seg inn i dei brutaliserande krigshandlingane. Truleg er fleire hundre av desse frå Norden. Mange har slutta seg til dei mest ekstreme, islamistiske gruppene, slik som ISIL og Jabhat-al-Nusra.

Gruppene har kamptrena mannskap, pengar og kunnskap som gjer dei si stand til å utføre avanserte terrorangrep. Så langt har dei ikkje prioritert vestlege mål, men faren for at dei skal engasjere seg i antivestleg terror har for lengst fått alarmklokkene til å ringe hos vestlege etterretningstenester.

Særleg alvorleg er det at gruppene har funne saman jemenittiske grupper med høg kompetanse på bombeterror. Saman er desse ein svært farleg kombinasjon. Skrekkscenariet er at framandkrigararane frå Syria skal verte den forlenga arma deira i vest.

Vi veit som sagt i dag ikkje konkret kven som no skal ha planlagt å utføre eit terroråtak i Norge. Vi må ha tillit til at antiterror-tiltaka som no er innført er effektive mottiltak. Truleg vil også den openheita PST har hatt om saka ha ein avskrekkande verknad.

Slik kan vi håpe at terroristane får kalde føter og skrinlegg planane. Det betyr ikkje at faren er over. Dei eskalerande konfliktane og lovlause tilstandane i delar av Midt-Austen og Nord-Afrika vil utgjere ein aukande tryggingsrisiko i overskodeleg framtid.

Nye data frå britiske Maplecroft´s Terrorism and Security Dashboard fortel at talet på terroroffer i verda har auka med ein tredel det siste året samanlikna med snittet dei føregåande fem åra. Førebels er det land i Afrika og Midt-Austen som har den høgste risikoen.

Norge er framleis eitt av dei tryggaste landa i verda. Det skal vi ha klart for oss sjølv om vi no har terrortrugsmål tett på oss. I lys av utviklinga globalt må vi likevel ta inn over oss at vi står framfor ei tid med aukande fare for terror. Dette må få konsekvensar både i ressursbruk, metodar og lovgiving. Vi må handle med eit kaldt hovud, men kan ikkje tillate oss å vere naive.