Det kjem ei rad ulike meldingar frå fiskeoppdrettsverksemda for tida, meldingar til å bli meir enn uroa over. Den eine dagen kjem det melding om omfattande slaktekrav fordi lusetalet er for stort. Oppdrettsindustrien klagar over slaktekravet. Men det er jo lusetalet og verknaden på fisken utanfor merdane ein burde klage over. Det er i det minste eit lyspunkt at Mattilsynet tar i bruk tvangsmiddel.

Så kjem det melding om at 37 millionar laks døydde i merdane i 2014, dvs. nesten kvar tiande fisk. Kva ville ha skjedd om kvar tiande ku døydde på båsen?Kvar kjem reinbogeauren frå som ein får opp av fjordane og elvane for tida? Ingen oppdrettarar har meldt om at regnbogeaure har rømt.

Oppdrettsindustrien seier ikkje anna enn at det går betre no, og at dei har funne løysingane. For kvar gong oppdrettarane seier dette, så blir dei løna med endå litt større oppdrettsvolum. Politikarane let seg lure og tar omsyn til oppdrettsindustrien framfor naturen. Det er nesten så ein kan tru at dei har eigarskap i fiskeoppdrettsnæringa. Problema med rømt oppdrettsfisk og lakselus derimot ser ut til å vere dei same, men kan hende i større skala.

Rundt om i fjordane går småbåtane sine patruljar. Dei tømer rusene dagleg for leppefisk som blir levert til oppdrettarane for å halde lusetala nede. Korleis står det til med leppefiskbestanden i fjordane? Er dei så mange og store at dei kan ta seg av lakselus i naturleg førekomst, eller har naturen sitt eige opplegg fått eit samanbrot?

Når oppdrettsfisken blir slakta, så er det ikkje alt som er på stell då heller. Det finst slakteverksemder som ikkje reinsar prosessvatnet sitt og dermed slepp ut meir enn berre vatn. Lukter gjer det til tider. Når dei får spørsmål om kva som blir spyla på sjøen og som lukter, så blir det opplyst at det er protein som ikkje er noko problem. Men store mengde protein på feil stad er eit problem. Ein bæsj i sjøen er ikkje allverda, men om ein slepp ut kloakken ureinsa for ein by, då er det noko anna. Oppdrettsverksemda har så store volum av alt mogleg at det blir problem nettopp fordi det er tale om så mykje. Oppdrettsverksemda toppar det heile når det kjem fram at Salmar i desperasjon har brukt formalin for å avluse laks. Formalinet blir etterpå dumpa på havet, fordi havet er så stort at det blir tynna ut. Slik har fleire typar verksemder løyst ymse problem opp gjennom tidene, men resultatet blir jo stort sett at problema spreier seg etter kvart i staden for å bli mindre. Dette kan ikkje halde fram. Det er på tide at fiskerimynde no set krav som fører til resultat. Lokalitetane som ikkje oppfyller lusekrava bør få eit halvt års karantene, for kvar månad dei ligg over lusekravet. Næringa må løyse problema, utan at naturlege fiskebestandar og andre artar betalar for eksperimenteringa.

ØYSTEIN FOLDEN