Når dei to leiarane i Ulsteingruppen, Gunvor og Tore Ulstein, ber om at regjeringa skjermar verftsnæringa mot internasjonal konkurranse no når ordrebøkene er i ferd med å bli tomme, så er ikkje det overraskande. Men dette er likevel svært oppsiktsvekkande når den eine av dei to, Tore Ulstein, faktisk er president i NHO. Då er det uventa at Ulstein kan stille dette spørsmålet:«Kvifor skal Norge vere flinkast i klassa, når det gjeld å legge til rette for fri konkurranse» om byggekontraktar til verfta? (Sunnmørsposten den 8. oktober).

Dette er oppsiktsvekkande fordi NHO så langt har vore mellom dei ivrigaste til å forsvare at Norge er med i forhandlingane om TiSA, ein frihandelsavtale for tenester som vel femti land har brote ut av WTO for å forhandle om, og som har som uttrykkeleg og snevert formål å styrke dei store tenestekonserna sine interesser når desse opererer på tvers av landegrensene. «Det er viktig å sikre opne grenser og arbeide for framleis nedbygging av barrierar som næringslivet møter på de globale marknader», står det i Næringspolitisk dokument frå NHO, 2014.

Realiteten er at desse sokalla barrierane ofte er heilt på sin plass, og med på, til ein viss grad, å skjerme næringar i Norge og i andre land, som har legitime defensive interesser. Desse «barrierane» er med på å forsvare nasjonale bedrifter si konkurranseevne i forhold til dei utanlandske. Problemet er berre det at vi alt har inngått avtalar som langt på veg har tømt regjeringa si politiske «verktøykasse» på dette området, og at vi no altså, er i ferd med å forhandle oss inn i ein TiSA-avtale som drastisk vil forverre denne situasjonen.

Sørover i Europa er det tusenvis av kommunar som har erklært som seg «TTIP og TiSA-frie soner» (TTIP er ein TiSA-lik avtale som no også blir forhandla mellom EU og USA). Slikt er det mindre tradisjon for i Norge, men kanskje Ulstein kommune burde kome på banen? Saka er nemleg den at dei to Ulstein-leiarane ikkje er dei einaste industrileiarane i Ulstein kommune som har markert seg med utspel som vi TiSA-kritikarane gler oss over. Kirsti Kleven, Gunvor og Tore Ulstein sin kollega i nabokonsernet, Kleven Maritime, kom nemleg under valkampen i haust med ei sterk påminning om kor viktig det er med lokalt, norsk eigarskap i norsk næringsliv. Ikkje minst Kleven-verftet er eit godt eksempel på kva lokalt eigarskap kan ha å seie for arbeidsplassane.

For oss som ser trusselen i TiSA, er utspela frå desse tre, ei stadfesting av at store deler av norsk næringsliv burde reagere mot avtalen. TiSA legg nemleg opp til ei ekstrem favorisering av interessene til utanlandske konsern.

I NHO sitt gjeldande handelspolitiske dokument står det framleis ukritisk at «Norge må fronte arbeidet med å sikre framleis liberalisering av verdshandelen». Ting tyder på at også NHO-presidenten no ser at denne politikken ikkje berre vil ha positive sider, men også få sine stygge konsekvensar. Spørsmålet er om dette kan føre til at NHO og regjeringa sitt ekstreme standpunkt på dette området kan modererast, og forhåpentlegvis føre til eit norsk nei til TiSA-avtalen ...

ODD TARBERG

Ålesund