Stranda kommune har på sin måte annonserande orientert allmenta om eit par planlagde folkemøte om evakueringshøgde og mogleg flodbølgje frå Åkneset. Det første møtet vart halde på Hellesylt den 23.11.2015, der meir enn ei handfull innhanka personar repeterande framførde ganske så alminneleg kjende raseringsframstillingar. Og berre det.

Kommunen si overskriftsnemning var ”Folkemøte”, og med ”Evakueringshøgde i samband med mogleg flodbølgje frå Åkneset” førestillande å vere undertittel. Ordlegginga ”mogleg” i ”mogleg flodbølgje” står i kjend ordforståing eksempelvis som ”kan hende flodbølgje”, ”kanskje flodbølgje”, o.s.v. Flodbølgje står såleis for kommunen her fram som lite tenkjeleg, og dermed også bølgjer fram og tilbake. Den fullkomne inkonsekvens!

Greitt nok å høyre kva det putlast med innanfor det som reknast for katastrofeforståing, men å få kommunisert attende til dei same dette med berekning av bevisst nedtaking det tyktest vere som jamstelt med å ytre seg til gråstein. Det treng nemnast at Per Åkernes alt tidleg på 1980-talet alarmerte kommunen om kva som tvillaust var på gong med utvidande sprekker i den såkalla Djupdalshaugen. Hadde det ikkje vore for politisk neddyssing og hankeløyse i ei tid seinare og med påfølgjande administrativ greinaløyse så kunne nedtaking for lengst ha vore berekna og vonleg gjort, og då betydeleg enklare overkomeleg enn no. Eksistens og enorme verdiar ville rimelegvis kunne verte sparde for elles sikre utslettingar. La skure mentaliteten no for tida er mildt uttrykt alvorleg skremmande. Tydelegvis oppbundne av sektortenking har saksansvarlege på ulike plan ikkje vist føresetnader for å sjå og innsjå heilskapen. Fi donc.

Lat gå at det er stor mengde berg som er i rørsle, men som det ikkje er utenkjeleg å klare handskast med av dei som har innsikt om slikt; og dei finst. Mykje tykkjest å strande på økonomi, erstatningsansvar og dermed dekning. Lover og regelverk kan vanskeleg tenkjast å vere stengjande for berekna nedtaking. Eit ikkje uvesentleg problem er nok dette med at intern spekuleringsgeskjeft som føregår på berget sine premissar vil kunne verte eliminert, og nokon såleis må finne seg noko anna å ta seg til med. Der ligg vel kanskje den avgjerande bøygen. Von dess.

ØYSTEIN FJØRSTAD

Stranda