Er valet av vidare utdanning allereie er gjort? Eller slit du framleis med ein stadig fram- og tilbakeforhandling med deg sjølv – seier hjarte noko anna enn hovudet? Datoen 1. mars kjem stadig nærmare, då skal kanskje du saman med fleire tusen andre ungdomar, gjere eit viktig utdanningsval.

Ikkje tenk for mykje på media sitt fokus på utfordringane i olje- og gassnæringane. Ikkje tenk for mykje på at du kanskje kjem til å stå utan jobb når utdanninga di er over. Det vil sannsynlegvis ikkje bli slik som vi trur likevel.

Utviklinga i samfunnet gjer at endringane også i mangfaldet av yrke går veldig fort. Meir enn 90 % av alle ungdomar som søkjer vidaregåande skole i Møre og Romsdal får kome inn på sitt høgaste ønske. Det er eit godt utgangspunkt. Dei elevane som er motiverte for det utdanningsprogrammet dei vel, har størst sjanse til å lukkast.

Dei aller fleste har gode sjansar til å kome i mål, men det kostar arbeidsinnsats. Utdanning er noko du tek, ikkje noko du får. Skolane har fokus på vurdering for læring, karriererettleiing, tilpassa opplæring og læringsmiljø – vi vil at du skal lykkast med skolegangen din. Snakk med dei som står deg nærast på skolen og snakk med dei heime. Det er slik ein blir klokare og kan ta eit val som er bevisst og målretta.

Vi kan ikkje ta valet for deg, men vi kan vere med på vegen slik at dei steinane som er verdt å snu er snudd før du trykkjer på send-knappen i VIGO.

Om du startar på studiespesialiserande eller yrkesfaglege utdanningsprogram er ikkje det viktigaste. Det viktigaste er at du startar på noko du trivest med i kvardagen. Hugs at å starte på yrkesfaglege utdanningsprogram ikkje stenger nokon dører for høgare utdanning. Det finst vegar inn på høgskolar og universitet også frå yrkesfag.

Det luraste du kan gjere no er å gjere ditt beste. Du må gjere alt du kan for å få mest mogleg ut av skoletida di. Sørg for at du held dørene opne til alle vala du kan ta seinare i livet.

Det kan du best gjere ved å møte på skolen kvar dag og gjere så godt du kan med skolearbeidet. All kunnskap du får er verdifull og gjer plattforma du skapar deg stødig å stå på. Når du har gjort så godt du kan, då kan du vere tilfreds med deg sjølv. Lykke til med valet ditt!