Eg er fødd på Vartdal og har alltid rekna Ålesund som byen min. Vi flytta hit frå Bergen for snart 40 år sidan. Eg har nynorsk som bakgrunn, men skriv mykje bokmål.

Les Alm Ingebrigtsens innlegg her: Ikke tull med identiteten min

Kona mi er frå Skien/Gjerpen og har bokmålsbakgrunn. Vi bur på Hessa, har stort sett arbeidd i sentrum, og har betalt skatt til byen. To av borna våre er fødde her, og alle borna har gått på skule her. Vi har alle vore med i og har hatt glede av organisasjonsliv og kulturliv i byen.

Følg Sunnmørsposten debatt på Facebook!

Det er tusenvis av ålesundarar som har det som oss. I eit hundreårsperspektiv har om lag alle bakgrunn som oss. Korleis kan vi ønskje vekst og tilflytting til byen vår dersom dei som kjem ikkje er ålesundarar frå dag ein?

Eg vil foreslå at du ber ordføraren og varaordføraren om orsaking.

Sunnmørsposten på lederplass: La kommunen hete Ålesund