Til dømes skriv Høgre-leiar i Haram, Ewa Hildre, i eit innlegg at «Hamnsundsambandet vil vere ein naturleg konsekvens av endra kommunestruktur». Ein sterk påstand som sjølvsagt ikkje held vatn. Den einaste naturlege konsekvensen av ny kommunestruktur er at nye kommunar kjem til avløysing av dei gamle. Ingen vegar eller tunnelar vert skapte ved endring av kommunekartet.

I same innlegg sa Hildre: «Ei sterk regionskommune vil utløyse infrastrukturar ikkje berre gjennom Hamnsundsambandet, men også andre prosjekt som Borgundfjordtunnelen.» Sjølv kommunalministeren hadde vel kvidd seg for å gå god for ei slik utsegn. Rett nok er han ute med lokkemat, men ikkje av dette kaliberet.

Politiker ber Sanner om mer tid: – Vi vet ikke hva storkommunen inneholder

Ja-folket argumenterer stadig med at ein «sterk regionkommune» må til for å løyse alle «utfordringane» i samfunnet. Filosofien er at Ålesund og naboane vil utgjere ein slik sterk kommune som nærast vil kunne utrette mirakel. Den nye kommunen vil få om lag dobbelt så mange innbyggarar som noverande Ålesund. Vil ho bli dobbelt så sterk? Kor sterkt er det i så fall?

Ålesund er nesten fem gonger større (i folketal) enn den nest største kommunen på Sunnmøre og skulle såleis vere fem gonger sterkare om det er storleiken som tel. Og nesten femti gonger sterkare enn den minste kommunen. Men kva slags styrke? Økonomisk kan det ikkje vere sidan Ålesund er på Robek-lista. Oppgåva til kommunane er først og fremst å ta vare på og yte innbyggarane god velferd, dernest å legge til rette for næringsutvikling og utbygging av infrastruktur. Både innbyggarundersøkingar og Kommunal rapport sitt «Kommunebarometer» viser at dei mindre kommunane er best på å levere tenester som barnehage, skule, eldreomsorg osv.

Vil den nye storkommunen bruke sine «økonomiske musklar» på vegar og tunnelar, eller halde fram med å yte velferd til innbyggarane? Dei styrande vil få mykje pengar mellom hendene, men òg tilsvarande mange å ta seg av. Folk må gjerne dyrke sin religion, men i rolla som «folkets tenarar» har ein plikt til å vere nøktern og realistisk og vege føremoner og ulemper mot kvarandre i viktige saker før ein tek standpunkt.