Dei minste har smokken i eine handa og nettbrettet i den andre. På sjukeheimen spelar dei bowling på Wii og er på Skype med oldebarna. Alle bruker data, men gjennom LæringsArena Ulstein vil Ulstein kommune legge til rette for at ein også skal lære å skape digitalt innhald og digitale tenester.

Framtida er digital, og ikkje minst vil framtidas næringsliv vere prega av digitaliserte verktøy og robotisering. LæringsArena Ulstein skal bli eit regionalt læringssenter for teknologilæring for alle samfunnsgrupper på Søre Sunnmøre. Det skal vi få til i nært samarbeid med IKT-Norge, Høgskulen i Volda og næringslivet.

Flyttar grenser

Leif Rune Solås, utviklingsingeniør Forsking & Teknologi i Rolls-Royce, fortel oss at dei trur framtida vil stille endå større krav til digitale ferdigheiter for alle. Difor meiner Rolls-Royce at ein regional læringsarena for teknologi er eit godt verkemiddel for å sikre at barn i regionen får framtidsretta undervisning.

Rolls-Royce ser på prosjektet som strategisk viktig for framtidig rekruttering av dyktige arbeidstakarar både for seg sjølve og den maritime klynga. Ulstein kommune koplar no saman to storsatsingar og skaper framtida. Ulstein kommune innfører som første kommune i Norge teknologilæring og programmering i den ordinære fagplanen i grunnskulen. Samtidig bygger ein Arena Ulstein med mellom anna nytt bibliotek. Og nettopp dette biblioteket skal bli framtidsbasen. Det vert eit framtidsretta teknologisk bibliotek. Ingerid Ulstein i Ulsmo seier dei vil vere med på å flytte grenser for kva eit bibliotek skal vere og ønskjer å skape eit teknologisk læringssenter for alle samfunnsgrupper.

Nyskapande & nyttig

LæringsArena Ulstein skal byggast på fire pilarar.

Teknologiskulen skal fremje teknologi og teknologiforståing gjennom heile skuleløpet. Ulstein kommune er alt i gang med innføring av koding på alle klassetrinn i grunnskulen. Dette er ikkje eit eige fag, men vert brukt på tvers av fagplanar. Opplegget er skreddarsydd i samarbeid med Lær Kidsa Koding og IKT-Norge. I Lær Kidsa Koding seier dei at kunnskap om koding vil gi ei oppleving av å vere skapande i staden for berre brukande. Elevane vert mellom anna gode på problemløysing, samarbeid og presis kommunikasjon.

I Ulstein er nyskaping ein av kjerneverdiane våre. Det er meir enn berre eit fint ord. Nyskaping har vorte ein kultur. Kodeklubb for barneskuleelevane er alt starta og kodeklubb for ungdomar er under oppstart. Slike kodeklubbar kan etter kvart også fungere som inkubatorar for nyskaping.

Først i landet

Nyskaping viser også igjen i at Ulstein ungdomsskule hausten 2016 vert pilotskule i statleg regi. Då skal 3D-printing utviklast som eige valfag innan «teknologi i praksis». Dette skjer i samhandling med kodinga i Teknologiskulen og vert utvikla til bruk i alle klassetrinn.

Knytt til Teknologiskulen vert det også lagt opp til læring for lærarane. Høgskulen i Volda skal utvikle eit opplegg for utdanning og etterutdanning innan programmering/koding i grunnskulen. I løpet av 2017 skal alle lærarar i grunnskulen i Ulstein vere i stand til å gjennomføre grunnleggande undervisning innan tema i Teknologiskulen.

Førti lærarar skal kunne så mykje at dei kan vere kompetanseleiarar, mentorar og drivarar av Teknologiskulen.Som ein del av teknologiskulen ligg det også at Ulstein skal arrangere INNOschool, ein konferanse om teknologisk læring i grunnskulen.

Mulegheiter og meistring

Framtidsklasseromet er den tredje pilaren. Framtidsklasseromet skal fremje like mulegheiter og redusere risiko for digitale skiljelinjer. Ikkje alle heimar har like mykje pengar eller like mykje kunnskap til å henge med på teknologiracet. Framtidsklasseromet og LæringsArena Ulstein vil løfte teknologilæring opp på eit overordna nivå og gi same mulegheiter for alle til å lære grunnleggande kompetanse i det som mange meiner vil vere den viktigaste kunnskapen i framtida.

Både framtidsklasseromet og LæringsArena Ulstein skal på sikt styrke tilgang på nødvendig kompetanse og styrke utvikling og nyskaping for næringslivet i regionen.Framtidsklasseromet skal ligge ti år i tid framfor eit vanleg klasserom. IKT-Norge hjelper oss med å nå dette målet.Og Framtidsklasseromet skal ikkje vere for Ulstein åleine. Meininga er at det skal verte eit regionalt framtidsklasserom og at vi kan bli eit nav for teknologilæring på grunnplanet. Alt i løpet av første driftsår ønskjer vi å tilby klasseromsundervisning til kommunane rundt oss.

Utviklingskommune

Nye læringssystem for fleirkulturelle er den fjerde pilaren til LæringsArena Ulstein. Ulstein vert ein utviklingskommune for nettbaserte adaptive læringssystem for framandkulturelle.

I samarbeid med Høgskulen i Volda skal det utviklast eit læringssystem for introduksjonskurs der ein kan ta utgangspunkt i kva ferdigheiter den enkelte elev har. Opplæringa blir dermed betre tilpassa, fråfallet truleg mindre og motivasjonen og meistringa større. Også innafor dette området vert Ulstein ein pilotkommune. LæringsArena Ulstein vil nå mange ulike grupper og ha brei effekt. LæringsArena Ulstein skal vere ein formidlingsbase, ein undervisar, ein tilretteleggar og ein formidlar av ny teknologi. Her skal vi utvikle framtidas læringsarena for alle samfunnsgrupper. Dette er koden til framtida.