I Haram Høgre er vi klar på at vi ikkje ser det på same måten som til dømes Senterpartiet, som vil slå saman Haram og Sandøy.

Både Sp, KrF og Ap gir uttrykk for at dei er redd for svekking av lokaldemokratiet dersom Haram kjem med i ei regionkommune. Stemmer denne teorien så må lokaldemokratiet i Haram i dag vere mykje dårlegare enn i Sandøy, dersom målet på godt lokaldemokrati er at dess mindre kommune, dess betre lokaldemokrati. Vi trur ikkje på denne teorien.

At også Haram Arbeidarparti vil råde innbyggjarane til å gå i mot ei regionkommune, er overraskande. Vi oppfattar at arbeidarpartiordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, er meir framtidsretta. Ho har på ein god måte vore talsmann for regionkommunealternativet.

Vi meiner at Ålesund har vore rause i forhandlingane om intensjonsavtale.

Les også svaret frå Siv Katrin Ulla i Haram Arbeidarparti

Unik sjanse

Vi må ikkje gløyme at vi no har ein unik sjanse til å etablere ei ny slagkraftig og robust region kommune for dei neste 30-40 åra. Både det nye inntektssystemet og sentrale økonomiske løyvingar til større byregionar er mellom dei argumenta som taler for at dette er vegen å gå.

Det er stor sjanse for at dei som i dag ligg i utkantane, vil bli endå meir utkantar, dersom dei vel å stå åleine.

Økonomiske gevinstar

I intensjonsavtalen inngått i regionkommunesamarbeidet, ligg det til rette for at både tenestene og tilbodet til innbyggjarane rundt omkring i dagens kommunar framleis skal vere gode. Økonomien og slagkrafta til ei større regionkommune vil gje økonomiske gevinstar som gir eit godt fundament. Det vil bli meir midlar til tenesteyting og mindre til administrasjon.

Ei av dei største utfordringane i åra som kjem blir kampen om kompetansen. Det gjeld innanfor dei fleste felt, men spesielt innanfor omsorg og undervisning. Vår erfaring så langt tyder på at småkommunane vil vere taperane. Vi ser at fagfolka oftast vil jobbe i større miljø der dei har større moglegheit til å utvikle seg. Til dømes viser ei undersøking at berre sju prosent av sjukepleiarstudentane ynskjer seg til sjukeheimar.

Dette mykje på grunn av at fagmiljøa blir for små. Ei større kommune vil gje fleire moglegheiter for dei tilsette. Dei som ynskjer seg meir ansvar vil ha fleire stillingar å velje mellom innanfor same organisasjon.

Større tryggleik

Ei større kommune gir betre tryggleik i tenestetilboda, noko som mellom anna er viktig for unge i etableringsfasen.

Til dømes er psykisk helse eit aukande samfunnsproblem. I 9 av 10 kommunar manglar det tilbod om psykologtenester. Høgre ønskjer å skape tryggleik for at kommunen klarer å gi innbyggjarane nødvendige lovpålagde tenester.

Eit mangfaldig næringsliv med eit variert tilbod av arbeidsplassar som passar til ulike utdanningar er viktig for dei unge som vi ynskjer skal kome tilbake. Å skape nye arbeidsplassar bør ikkje vere ein konkurranse mellom kommunar i ein region, men mellom regionar og landsdelar. Det er også eit viktig poeng at store selskap som Rolls-Royce Marine og Vard dei siste åra har flytta store deler av administrasjonen sin til Ålesund.

Der sitt også mange av dei leiarane som tek viktige val for verksemdene i Haram. Dei er også samarbeidspartnarar for Haram Vidaregåande Skule. Dagleg pendlar nærmare 1200 menneske mellom Haram og Ålesund.

Digitalisering, robotisering og 3D-printing vil skape store endringar både i arbeidsliv og privatliv framover, fysisk lokalisering av vare- og tenestetilbod vil til dømes bli mindre viktig.

Desse endringane må vi ta inn over oss og ha mot til å tilpasse oss.

Større musklar

Vi meiner at regionkommunen har størst sjanse for å få på plass gode og nødvendige samferdselsløysingar. Den vil ha større økonomiske musklar og få større påverknad inn mot sentrale myndigheiter.

Mange i Haram, også sentrale næringslivsleiarar, er særs opptatt av nettopp dette.

Grunnlaget for at vi kan bu og leve godt i Haram er i hovudsak gode rammevilkår for næringslivet. Vi veit at konkurransen er stor, og lite tyder på at den blir mindre i tiåra som kjem.

Her meiner vi at regionkommunen vil vere mykje meir framtidsretta og slagkraftig enn den strukturen vi har i dag.

Tydelegare på kartet

Går randkommunane til byen saman med Ålesund kan vi drive næringsutvikling på ein måte som set regionen vår tydeleg på kartet nasjonalt og internasjonalt.

Vi har ei sterk maritim næring, den marine næringa er i stor vekst, og både reiseliv og møbel er ein del av det vi skal leve av i framtida på Sunnmøre. Det store spørsmålet er om vi skal konkurrere med oss sjølve, eller om vi skal gå saman og bruke vår styrke mot omverda.

Høgre sin konklusjon er at dersom vi saman kan skape ei regionkommune som består av Haram, Ålesund og randkommunane rundt vil det vere framtidsretta og gi nødvendig utvikling. To steg fram er mykje betre enn eitt tilbake!

Bjørn Sandnes, Ewa Hildre og Bente Bruun

Haram Høgre