Det er naturleg å tru at dei som stemmer nei, gjer dette fordi dei er nøgde med det kommunale tenestetilbodet. Det er positivt, og fortel meg at dei fleste har det godt. Men har vi det like godt om nokre år, om vi vel å stå åleine?

For innbyggjarane i Hornindal er truleg svaret på dette nei. Mest fordi kommunen allereie i dag har vanskar med å løyse oppgåvene vi er sett til å utføre. Spesielt godt viser dette seg innan barnevern, byggjesaker, planarbeid og pleie-/omsorg. Auka krav til kompetanse, kvalitet, kapasitet og rapportering gjer oppgåvene for mange og komplekse til at vi klarer å utføre dei tilfredsstillande. Å fortsette som før vert difor utrygt og vanskeleg.

Utfordringane vi opplever i dag, relativt raskt vil kome til syne også i litt større kommunar. Små fagmiljø gjer oss sårbare og skapar ofte vanskar når vi skal rekruttere nye tilsette. Nyutdanna vel ofte å søkje seg til arbeidsgjevarar som kan tilby eit større arbeidsfellesskap med fleire innan same fagfelt.

I løpet av 10–15 år skal kommunane yte omsorgstenester til dei store etterkrigskulla. Det betyr fleire eldre å ta vare på, samtidig som vi vert stadig færre i arbeidsdyktig alder som kan betale skatt og utføre omsorgsoppgåver. Det vert då viktig at vi tar i bruk moderne velferdsteknologi som kan bidra til at dei eldre kan bu heime så lenge som mogleg. Vi kan ikkje vente at ein it-konsulent som også jobbar med vatn og avløp skal klare å halde følgje med den teknologiske utviklinga.

Mange snakkar varmt om interkommunale samarbeid. Ulempa med interkommunale selskap, er at dei som oftast ikkje er underlagt generalforsamling og demokratisk kontroll. Avgjerdene vert flytta ut av kommunestyresalen. Den demokratiske makta kan forvitre. Kommunane sit ofte igjen utan makt til anna enn å betale medlemsskapet

I framtida treng vi stordriftsfordelar, kompetanse, innovative miljø, samarbeid og erfaringsutveksling. Det vil vere framtidsretta og fornuftig å søkje saman for å løyse utfordringane. Kvar for oss vert vi for sårbare. Vi har ein unik sjanse til frivillig å etablere ein ny slagkraftig og robust region-kommune for dei neste 30–40 åra i motvekt mot sentralisering til dei store byane.

Ein ny kommune med Stryn/Hornindal/Volda vert sterk på privat- og offentleg næringsliv, utdanning, reiseliv, helse og landbruk. Vi vil saman få 50 millionar kroner i startkapital, i tillegg til å kunne kvalifisere oss som regionalt tyngdepunkt. Det siste fører til at vi kan få ta del i ein årleg pott på 200 mill kroner til fordeling på regionsentera. Å stå åleine har heilt andre økonomiske- og ikkje minst praktiske utsikter.