Det byrja i 1970. Elton John hadde nyleg slått gjennom med «Your Song» og John Lennon lovpriste han for «den første nye sounden som hadde blitt skapt sidan the Beatles slo igjennom». Då John og John seinare møttest, knelte Lennon framfor Elton, ei symbollada handling, i det Elton John i stor grad skulle ta over dominansen the Beatles før hadde hatt i den amerikanske musikkmarknaden.

I åra 1972-1975 hadde Elton John sju nummer-ein-album på rad på Billboardlista i USA. Eitt av dei («Captain Fantastic and the Brown Dirt Cowboy») var historias første album til å kome rett inn på førsteplass på lista. Klassikaren «Goodbye Yellow Brick Road» (frå 1973) hadde så mange hits at plateselskapet måtte avlyse utgivnaden av ein planlagt singel frå albumet, neste albums singlar var allereie klare for utgiving og måtte prioriterast.

Store samarbeid

Mykje har skjedd sidan stordomstida på 70-talet, men Captain Fantastic held koken. Han har framleis rekorden for mest selte singlar i verda (med 1997-versjonen av «Candle in the Wind»), og turnerar no verda rundt med eit nytt album, «Wonderful, Crazy Night», sterkt inspirert av sin eigen 70-talssound.

Han kvir seg heller ikkje for å samarbeide med andre artistar, og dukkar stadig opp på både legender og moderne superstjerner sine songar. Blant den imponerande lista over tidlegare samarbeidspartnarar finn ein mellom anna John Lennon, Kate Bush, Eric Clapton, Stevie Wonder, Queen, Lady Gaga (som er gudmor for Elton sine to søner), Ed Sheeran, Kanye West, og Eminem. Felles for alle samarbeidspartnarane er ein djup respekt og (i dei fleste tilfella) sterk kjærleik for ein artist som har sett sitt preg på verdas spelelister gjennom fem tiår.

Helten John

Min store kjærleik for Elton John fekk ein pangstart i 2001, med songen «This Train Don’t Stop There Anymore». Eg var 13 år gamal, og Elton John var absolutt ikkje ein artist det var kult å like, tvert imot. Du tok ein stor sjanse om du uttalte deg positivt om Sir Elton på ungdomsskulen, den gongen. «This Train Don’t Stop There Anymore» var verdt det.

Som 13-åring greidde eg nok ikkje heilt å ta inn over meg kor bitter og vakkert sårbar teksten var, men melodien gjorde eit stort og uutsletteleg inntrykk på meg. Dette var ein song som fortente open hyllest, og slik vart eg Elton John-fan.

Året etter tok eg steget vidare og vart beint fram frelst. Dette var året eg oppdaga «Tiny Dancer». Første gong eg høyrde denne songen opplevde eg det som eit fysisk slag i brystet. Omverda vart fjern og alt eg kunne høyre og kjenne var fiolinar og piano som vekste og vekste, i eit stigande crescendo, til ein eksplosjon i refrenget. Det var først då refrenget kom at eg oppdaga at eg hadde heldt pusten. Eg kan framleis kjenne ekko av denne reaksjonen kvar gong eg høyrer «Tiny Dancer» i dag. Det er ein fast link mellom meg som 28-åring og meg som 14-åring. Passande nok, då det er det tidlause ved Elton sine songar som gjer dei så udødelege og kraftfulle.

Dei aller fleste av Elton John sine 70-talshits opplever eg no som ein god klem, eller ein varm kopp te på ein iskald dag. Det ligg ei stor trøyst i den kjende stemma og det unike pianospelet.

Konsertsommar

Som blodfan av Elton John har eg sjølvsagt sikra meg billettar til ein av årets konsertar (i mitt tilfelle går turen til Trondheim). Er du ein av dei andre heldige billetthaldarane, har du all grunn til å glede deg. Elton er og blir ein showman utan like. Sjølv om han ikkje lenger ikler seg kostymer og hoppar opp på pianoet, slik han gjorde i 70-åra, er han intenst til stades, på ein måte artistar med mindre karisma berre kan drøyme om.

Trass i alderen (han vart 69 i mars) har han mildt sagt imponerande mengder energi på scena og syng like godt i slutten av konserten som ved starten.

Nytt og gamalt

Når det kjem til setliste, kan vi truleg vente oss fleire songar frå hans nyaste album, «Wonderful, Crazy Night» -og det skal vi vere glade for! Som liveartist er Elton på sitt beste når han går laus på songar drivne av «funky» rytme, og hans siste album består utelukkande av slike songar. Personleg gler eg meg kanskje mest til å høyre liveversjonen av «Looking Up», ein song så full av godt humør at ein skulle tru feststemninga var garantert så snart opningsriffet ljomar over høgtalarane.

Samtidig har Sir Elton alltid passa seg for å inkludere for mange songar frå dei siste tiåra, han veit det er slagarane folk flest er der for å høyre.

Om vi får same setliste som han har brukt tidlegare i år, kan vi vente oss ei overvekt av songar frå 1973s «Goodbye Yellow Brick Road». Det er heilt greitt for meg. Få album når dette meisterverket til knea, og om han ikkje når dei same høge tonane som den gong, greier Elton framleis å formidle sårbarheita i tittelsporet og angsten i den fantastiske «Funeral for a Friend» -som har fått æra av å vere opningsnummer på dei fleste av konsertane hans dei siste åra.

Når alt kjem til alt er det kanskje likevel kjensla av å vere så nær ei legende som dreg meg og mange med meg til Trondheim og Ålesund i sommar. Korleis kan ein unnlate å gripe sjansen? Hit kjem han, verdas største entertainar, tidenes beste låtskrivar, «Captain Fantastic […] from the end of the world to your town!»