Då dukkar fram i minnet nokre linjer frå ein «schlæger» frå 1950 åra som stadig var å høyre på NRK ønskjekonserten: «Men faren sa, la ver` og ønsk deg større. Kva oppnår du med det om eg tor` spørje? Ja, kvifor vere stor når du er lukkeleg som liten. Dei fleste gjekk det ille, som større vere ville!

Som historielærar i u-skulen sa eg alltid til elevane at for å kunne forstå kva som skjer og kvifor det skjedde må ein finne ut kven som har mest fordelar av at den utviklinga. Slik prøver eg i dag som pensjonist å vurdere spørsmålet om kommunesamanslåing. Kven tener på at det blir større kommunar?

For meg blir svaret om lag slik:

1. Storting og regjering som vil kunne sleppe renn på dørene frå av kanskje berre halvparten så mange ordførar og rådmenn som i dag.

2. Byråkratiet og topp-politikarane i dei nye større kommunane. Dei får høgare løn med større «ansvar». Dei får tilsette informasjonsfolk som er i stand til å bortforklare og skoddeleggje dei fleste vanskelege sakne. Dei får også reise på enda fleire «større» og «viktige» konferansar i inn- og utland.

3. Næringslivet. Store bedrifter ser ut til å hevde at slik er det. Truleg er det ein påstand som det ligg noko i. Men i så fall, om store etablerte bedrifter har fordelar? Kva med småbedrifter og dei som vil starte opp med noko som til no har hatt kort veg til dei i kommunen som kan gi hjelp?

4. «Samanslåingsminister» Sanner si kvern på «djupaste havbotn» har i fleire år kverna om at det blir meir demokrati til større kommunane blir. Tja! Det fortel kanskje meir om hans matematikk- kunnskap enn om demokrati. Det er vanskeleg for dei fleste – vil eg tru – å sjå at vi får meir demokrati av å halvere talet på kommunestyremedlemmer og samstundes auke avstanden til politikarane både fysisk (i km) og i det at politikarane uansett vil få mindre tid og sjanse til å halde kontakt med mange fleire innbyggarar enn før samanslåinga.

5. Barnevern og andre sosiale tenester blir drege som kanskje viktigaste grunnen for kommunesamanslåing. I det kan det sjølvsagt i framtida bli slik dersom Storting og regjering ikkje grip inn og regulerer med lov / eller at staten tek over. Men til i dag er det så langt eg har oversikt minst like mykje problem i desse tenestene i dei største kommunane som i dei små.