«Posten skal fram» heitte det. Men det var i gamle dagar – før Fremskrittspartiet tok over styringa – og overlèt til Sunnmørsfirmaet «Kvikkas» å sørge for laurdags-distribusjonen.

«Bestillerkompetansen» til Frp-statsråden synest ikkje ha rekt lenger enn til å sjå på «botnlinja», sjølv om han for tida nyttar mykje tid på å klandre oss som bur ute i distrikts-Noreg, eller som kanskje ikkje har postkassene plassert lettvint nok tilgjengeleg, eller som lurer på om departementet har blitt fortrylla av sunnmørsk entreprenørkraft.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

I alle fall blir det demonstrert for all verda – i desse omorganiserings- og privatiseringstider – at det er lettare å rive ned system som fungerer – enn å etablere noko nytt som fungerer betre – trass i politiske valspråk om «nye ideer og bedre løsninger.»

Eivind HasleSurnadal