21/11 hadde Sunnnmørsposten ein leiar med overskrift: «Vi må dyrke gründerne for å sikre velferdsstaten». Så lenge det er nokon som er for velferdsstaten, er der alltid andre som er imot. Ingen nordpol utan ein sørpol. Kva kan gründerane prestere når millionar frå Asia og Afrika strøymer inn over velferdsstatane i Europa? Det står i Ivar Aasens Norske Ordsprog (1882) at «Den skal tidleg krøkjast, som god Krok skal verta». Gründerane vert avgjort i vogga, ikkje i livmora.

Les flere innlegg på smp.no!

Jon Hustad peikar i boka «Farvel Norge – velferdsstatens fremtidige kollaps» på at arbeid er kapital, som også Brofoss hevda i gjenreisingsåra etter krigen. Når NAV må punge ut det ein arbeidsgjevar/gründer finn tilrådeleg, får skattebetalarane svi. Naturresursane skrumpar inn, og gründerane er meir eller mindre engasjert i utvikling av maskinelt utstyr som reduserer behovet for manuell arbeidskraft. Robotar overtar grovarbeidet.

Fattigfolk er meir religiøse enn rike, og fattigfolk røystar som regel raudt. I så måte har klerestiet og marxistleninistane noko felles. Etter Sovjetsamveldets fall har sistnemnde sett nytte i islamismen. Religion er politikk, hevda Ghandi, den som ikkje veit det, veit ikkje kva religion er. Kan ein prestelærd klerk forklare dei hyppige religionskrigane og at dei første gudane var krigsgudar? Ulike retningar innan ein og same religion er nok til å utløyse blodige borgarkrigar.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

I 1940 var vi knapt tre million. No har vi passert fem million. Eit stort byks oppover når fertiliteten hos norske kvinner i årevis har vore 1,8, no 1,9, eit ørlite hopp opp på skalaen. Ein fertilitet på 2,1 gir null folkevekst. I høve til folketalet har Sverige og Noreg versdsrekord i mottak av innvandrarar. Med ein sjølvbergingsgrad på 0,3 er Noreg eit av verdas mest overbefolka land - men det bekymrer ikkje våre folkevalde.

Magne Bortne Ålesund Arbeiderpartiet

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.