I lesarinnlegg har det vore referert til mytane i Det gamle testamentet. Det kan då høve å skrive litt om desse mytane. Det starta med Abraham som skulle bli stamfar til eit stort folk. Myten var at han vart far 100 år gamal og kona var 90 år. Ut av det kjem myten om jødefolket. Deretter held det fram med Moses som rusla saman med dette folket i 40 år i ørkenen. Moses meinte at folket var lite gudeleg, og han kom med ei myte om at Gud skulle spreie jødane over heile verda, og alle folkeslag skulle fare ille med dei. Men han hengde på til slutt at Gud skulle samle dei i Israels land i dei siste tider, samle dei frå alle land og landet i nord (Russland). Mytane held fram i Det nye testamentet. Som prikken over i-en skulle Jesus kome attende til jorda og verte konge i Israel. Djevelen skulle fengslast i tusen år, og alt skulle bli fryd og gaman for ei tid.