Ved den rådgivande folkerøystinga om kommunereforma i Haram, valde fleirtalet å stå utanfor ein eventuell storkommune med Ålesund i spissen. Kommunestyret gjorde vedtak i samsvar med dette. Trass i at folket er blitt høyrt og dei folkevalde har sagt sitt, er det fleire som prøver seg på omkamp med innlegg i avisene.

Argumenta som vert brukt for at Haram bør bli ein del av Ålesund, er så ymse. Dei fleste manglar dokumentasjon og konkret innhald, somme er lause påstandar og andre er tomme, slagordprega utsegn.

Eitt av våpena er skremselspropaganda om kor ille det vil gå med folk i Haram om vi ikkje vert ålesundarar. Men det finst ikkje belegg for å påstå at det vil bli dårlegare kommunale tenester her enn i andre kommunar i åra som kjem. Den sitjande regjeringa har stramma inn den kommunale økonomien, slik at mange kommunar har sett seg nøydde til å innføre eigedomsskatt for å spe på inntektene. Haram har unngått det så langt. Ei betring av kommuneøkonomien kan kome etter valet til hausten. Ap har kunngjort at om dei kjem i posisjon, vil dei styrke kommuneøkonomien framfor skattelette til dei rikaste.

Les flere saker om kommunereformen.

Ein annan type argument er slagordprega uttrykk som at Haram vert sett på sidelina, blir ståande att når toget går, vist på tribuneplass, isolerer seg o.l. Dette er med respekt å melde berre flosklar utan reelt innhald. Haram kommune held fram som før – inne på bana i samspel og samarbeid med andre kommunar og med opne grenser i alle retningar.

Nokon seier at Haram vil bli inneklemt mellom bydelane Sandøy og Skodje. Dei bør kome i hug at kommunegrensene berre er strek på kartet, ikkje gjerde eller andre fysiske sperrer. Eit anna argument er at Haram ligg i vegen når ålesundarane på Harøya vil til bysentrum. Men det er ikkje planlagt nokon bomstasjon på ferjekaia i Brattvåg eller andre hindringar for ferdsel gjennom Haram, så vidt eg kjenner til. Og hurtigbåten går som før.

Les flere innlegg på smp.no!

Vidare vert det peika på at Haram bør gå inn i Ny-Ålesund fordi byen vil avslutte samarbeid som Haram er meir eller mindre avhengig av, til dømes renovasjon. Det stemmer at ordføraren i Ålesund har sagt at dei vil «nullstille» alle samarbeidsavtalar no når dei skal skipe ny kommune i lag med Sandøy, Skodje og Ørskog. Det er rimeleg at dei vil sjå på avtalane når dei skal etablere ein heilt ny organisasjon. Men at byen vil vere seg sjølv nok og isolere seg og ikkje lenger samarbeide med sine naboar til felles gagn, er svært lite sannsynleg. Søppelet vårt vil dei iallfall ha uansett, for det er ein verdifull ressurs for forbrenningsanlegget på Grautneset.

Når argumenta er svake, prøver somme å vinne debatten ved å karakterisere motparten negativt. Av ord og uttrykk som er brukt mot «neisida», kan nemnast bakstreversk, sjølvopptatt, liten vilje til samarbeid, seg sjølv nok, isolering o.fl. Om lag dei same som EU-tilhengarane brukte i si tid. Underteikna kjenner seg ikkje igjen i slike utsegn, men i den grad desse uttrykka høver på nokon, er dei truleg likeleg fordelt på begge sider.

Knut G. FlemHaram

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.