LES OGSÅ SAKA: Omstilling blei økonomisk mareritt for Gina (56)

Regjeringa går i 2016 ut med at dei skal legge til rette for eit unntak i dagpengeforskriftene i Nav, slik at dei som kjem frå oljerelatert industri kan få dagpengar kombinert med deltidsutdanning PPU/PPY (praktisk pedagogisk utdanning – yrkesfag). Då det er stort behov for fleire yrkesfaglærarar i den vidaregåande skulen.

Fylkeskommunen i Møre og Romsdal legg ut ei «gulrot»; til å kunne søkje om stipend for arbeidsledige som kjem frå oljerelatert industri (ingeniørar, fagskuleingeniørar) som er villege til omstilling og satse på PPY studie. og bli yrkesfaglærarar.

Høgskulen i Volda set av fleire studieplassar til deltidsstudiet PPY for akkurat dette tiltaket.

Eg har fagbrev som maskinarbeidar, og er og utdanna fagskuleingeniør (maskinteknikk/TIP), men etter alle år i arbeidslivet måtte eg gå, på grunn av nedbemanning i oljerelatert industri. (18år i industrien) Eg har ikkje sluttpakke!

1. juni 2016 kjem det då ifrå NAV at : «Dersom du er under utdanning eller opplæring har du som hovudregel ikkje rett til dagpengar, men det finst unntak.» Dei unnatak er mellom anna : «For å kunne få dagpengar under utdanning, må du fylle dei vanlege vilkåra for rett til dagpengar, du må òg fylle vilkåra for unntak.» Dei vanlege vilkåra for rett til dagpengar er at ein er 100 % aktiv arbeidssøkande. Det er eg absolutt. Eg har søkt på uhorveleg mange stillingar og fått like mange avslag, men eg har ikkje gitt opp!

Vilkåra for unntak: «Utdanning utanfor normal arbeidstid, med maksimalt inntil 10 dagar per semester med undervisning på dagtid. Studieprogresjonen må òg vere minst halvert samanlikna med tilsvarande utdanning på heiltid.»

Dette studiet er organisert som eit samlingsbasert deltidsstudie for å gje studentar i jobb, moglegheit til å ta dette studiet. Det er innanfor 10 virkedagar med undervisning per semester!

Eg fyller med dette ikkje berre eit av unntaka, men to av unntaka i forskriftene. Men NAV arbeid og ytelser kan ikkje sjå og godkjenne utdanninga fordi «den faller ikke inn under ett av unntakene»!?

31. juli 2016 var min siste arbeidsdag, og både før og etter denne dato har eg vore aktiv og 100 % arbeidssøkande.

11. august blei søknaden avslått med grunngjeving i at «stønadsmottaker ikke anses å være reel arbeidssøker eller disponibel for arbeidsmarkedet så lenge hun er under utdanning»!!!

Dei aller fleste (95%) som er på dette studiet er i arbeid !!

Kva skal ein gjere då? Jau, då kan du seie ifrå deg studieplassen og bli 100 % navar. Då kan du få innvilga dagpengar!!

Eg har minst 10-15 år att i arbeidslivet, og eg har verken  tenkt å gi opp arbeidsliv eller omstillingar!

Men kallar dagens regjering dette for å legge til rette for omstilling? Til folk som eg som verkeleg ønsker å tilføre og yte noko?

Eg føler meg lurt av regjeringa og dykkar store lovnader, som berre viser seg å vere tomme ord!? Eg viser vilje til omstilling, eg viser handling og pågangsmot!

Kallar regjeringa at dette er å tilrettelegging for omstilling at eg skal seie frå meg studieplassen, gi opp, bli økonomisk ruinert, miste hus og heim og bli 100 % navar?

Eg er ikkje åleine om å vere arbeidssøkjande i Norge i dag, og eg prøver å ikkje ta det innover meg kvar gong eg får avslag på jobbsøknader. Det er ikkje lett, men eg er blitt flink, og står på vidare.

Vi må ha politikarar som ein kan stole på og som viser handling!

Regjeringa kan vel ikkje berre annonsere; at no viser vi handling og legg til rette for omstilling i denne kriseramma tida, men ... berre nesten!?

Kan nokon svare meg på dette? Kva seier du og meinar du om denne saka her Erna Solberg og Anniken Hauglie? Og kva vil dykk gjere med dette? Skal eg bli 100 % navar om eg ikkje får meg jobb? Seie ifrå meg deltidsstudium og misse største sjansen på vidare jobb og omstilling?

Vennleg helsing

Gina Bjørdal.

P.S Om nokon les dette og har jobb å tilby, so tak meir enn gjerne kontakt med meg!