Leserinnlegg om rektorval:

«Er studentane si stemme feil?»

Høgskulen i Volda.  Foto: Svein Aam

Ytring

Onsdag 8/3 vedtok styret på Høgskulen i Volda at ein skal fortsetja med valt rektor. Det viktige her er at det var styret som vedtok det, det var ikkje slik at ein student vippa valet. Likevel har fleire media framstilt det nett slik, m.a. khrono.no og nernett.no. Det er styret som har gjort eit fleirtalsvedtak, og dette bør alle i styret slutte opp om når vedtaket fyrst er gjort.


Får ny master i mediefag

Høgskulen i Volda får frå hausten av ein ny masterutdanning i mediefag som i skulens eigne ord blir unik i Norge.

Eg tykkjer det er uheldig at det vert framstilt som om det er denne eine studenten som berga/har skulda for vedtaket, alt etter kva ein måtte meine om saka. Gjeldande studentrepresentant har ei av 11 stemmer i styret. Han kan ikkje skuldast/ærast noko meir enn desse andre 5 stemmene som også stemte for valt rektor. Kvifor skal ein peike ut ein av dei styrerepresentantane med minst erfaring og som sit i den vanskelegaste situasjonen til å vere ansvarleg? Studentane må få ta sine val utan at dei skal bli utpeika som syndebukkar i etterkant. Der er nok av andre meir erfarne styremedlemmar ein kan peike på om ein vil. Studentane har ei veldig viktig rolle i styret. Vi burde heller vere stolt av at vi har studentar som er villig til å stille i ein slik posisjon. Særleg når vi ser korleis dei vert behandla av media.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Men meininga mi er ikkje å skulde media for hardt for vinklinga dei har valt. Dei må jo skrive saker som folk vil lese og vinklar det deretter. Det som derimot er problematisk er at den mest erfarne representanten i styret, Terje Heggem, i media skuldar på studenten for at HVO held fram med vald rektor (nernett.no 8/3). Han er skuffa over at ein student kan ha eit so manglande framtidssyn at HVO enda med feil styringsform. Og dette drar han fram når han vert intervjua av studentar på HVO... Hadde eg vore student, hadde eg grua meg for å stille til val i neste runde.


Stortingsvalkampen har starta i Volda

Jublar for 120 nye studentbustader

Regjeringa tildeler Volda finansiering av heile 120 nye studentbustader. Studentane jublar.

Heggem må sjølvsagt få lov og sei kva han vil til media, men han bør kanskje la studentane også få meine det dei vil? Ein må jo lure på kva Heggem ynskjer å oppnå med ei slik karakterisering av ein student? Eg synest det er ekstra problematisk at dette kjem frå Heggem, som trass alt har si eiga stemme i styret. Eg tykkjer det er uheldig om det er slik at vårt mest erfarne styremedlem ikkje ser viktigheita av at studentane også får komme med sine eigne stemmer. Heggem bør halde seg for god til å kritisere ein enkelt student for å meine det same som styrefleirtalet i etterkant av eit styremøte.

Odd Helge Mjellem Tonheim
Tillitsvalt Utdanningsforbundet, Høgskulen i Volda

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.