Klagar Tidlegare redaktør i Vårt Land, Helge Simonnes, klaga Bygdebladet inn for PFU for omtalen av systra hans som då også var ordførar i Ørskog. No reagerer han på måten Sunnmørsposten og Bygdebladet har omtalt denne klagen på. Arkiv.
(Foto: NTB SCANPIX)

Klagar Tidlegare redaktør i Vårt Land, Helge Simonnes, klaga Bygdebladet inn for PFU for omtalen av systra hans som då også var ordførar i Ørskog. No reagerer han på måten Sunnmørsposten og Bygdebladet har omtalt denne klagen på. Arkiv. Foto: NTB SCANPIX

Synspunkt

Må ein vere varsam med å klage til Pressens faglige utvalg?

Er redaktøren av ei lokalavis så opphøgd at han ikkje kan tole å ta imot eit forslag til korleis han kan orsake presseetiske brot?

Av det eg les både i Sunnmørsposten og Bygdebladet i Ørskog, kan det sjå slik ut. Begge avisene har 7. april gjort eit stort poeng av at eg tillèt meg til å sende eit forslag til orsaking som redaktør Reidar Opsal kunne trykkje i eiga avis.

Litt om saka: Eg er bror til Karen Simonnes Aanes, som gjekk av som ordførar i Ørskog kommune 2. februar 2017. Som tidlegare redaktør vart eg opprørt over måten lokalavisa Bygdebladet dekte saka på. Det var ikkje den kritiske vinklinga, men derimot dei presseetiske sidene ved journalistikken eg reagerte på. Eg meinte at Bygdebladet blanda kommentar og fakta på førstesida 12. desember. I høve til det presseetiske prinsippet om samtidig imøtegåing fekk heller ikkje Karen Simonnes Aanes presise skuldingar å ta stilling til.

Utkast til orsaking

Dette tok eg opp med redaktør Reidar Opsal i Bygdebladet. Eg gjorde det klart at det kunne bli ei PFU-klage mot Bygdebladet. Vi hadde ein roleg telefonsamtale og vart samde om at eg skulle skrive utkast til ein tekst som han kunne vurdere å bruke som orsaking i avisa. Det var aldri snakk om at det skulle vere eit debattinnlegg frå meg, men ein tekst som redaktøren stod for. Utkastet som eg sende var tenkt som ei minneleg ordning, slik Presseforbundet sine retningsliner i klagesaker legg opp til. Sidan denne måten å løyse saka på ikkje førte fram, var klage til PFU neste steg. Eg rekna med at det ville bli merksemd av ein slik klage. Når ein ordførar trekkjer seg frå vervet midt i ei valperiode, og lokalavisa er klaga inn for PFU for dekninga, er det heilt klart av journalistisk interesse.

At Sunnmørsposten skriv om saka fredag 7. april, er det såleis ingen grunn til å kritisere. Men hovudvinklinga avisa har valt, er det all grunn til å stille spørsmål ved. Regionavisa vel å fokusere på den subjektive opplevinga til redaktøren. Han vart provosert av å få eit forslag til tekst frå meg. I tilsvaret til PFU-klaga brukar han store ord om korleis denne maktpersonen, ein tidlegare redaktør frå hovudstadspressen, gjer seg nytte av herskarteknikkar.

Utilnærmeleg

Ein skulle tru at det var sjølve klagegrunnlaget som var det interessante. Sunnmørsposten gjer seg ikkje ein gong umake med å forklare lesarane kvifor det var suspekt å kome med forslag til eit tekstutkast. Ein redaktør kan vel ikkje vere så utilnærmeleg at han ikkje toler å ta i mot eit forslag om korleis ei orsaking kan sjå ut.

7. april dekkjer også Bygdebladet klaga dei har fått mot seg på vanleg nyhendeplass. I motsetning til Sunnmørsposten er lokalavisa ein part i saka.

Når presseorganet sjølv er klaga inn, må det stillast ekstra krav til balansert framstilling. Mitt forslag til orsaking blir det også brukt mykje plass på i nyhendeartikkelen 7. april. Det ville ha vore rett at eg også fekk gje min versjon av denne delen av prosessen. Det let ikkje Bygdebladet meg gjere. Eg meiner at det er nok eit brot på paragraf 4.14 i Ver varsom-plakaten.

Når redaktøren i PFU-klaga har hevda at eg gjer meg bruk av «hersketeknikkar» er det nærliggjande å tenkje at Bygdebladet ynskjer å framstille meg som ein maktperson. Slike påstandar må dei få lov å sette fram, men det bør ikkje gjerast i samband med ei sak der eg har klaga avisa inn for PFU.

Eit skjørt system

Avisenes dekning av denne saka har også eit anna perspektiv. Ver varsam-plakaten er ikkje ei offentleg ordning som er tredd nedover hovudet på pressen. Den er pressens eige tiltak, som Norsk Journalistlag og Norsk Redaktørforeining stør opp om. Det er eit skjørt system, som er oppe til prøve kvar gong ei sak blir handsama. Som tidlegare styreleiar i Norsk Presseforbund veit eg at organisasjonen gjer sitt beste for å byggje tillit til publikum når det gjeld Ver varsam-plakaten og presseetikken,

Det kviler eit ansvar på avisene må slik at ordninga ikkje kjem i miskreditt. Dei må vere ekstra påpasselege med korleis dei ter seg i klagesaker.

Å klage ei avis til PFU er eit stort steg for mange. Det vil ofte bli offentleg merksemd, og ein kan få harde utfall mot seg. Mange vil tenkje at det er betre å la vere. Dei vil ikkje ta støyten ved å klage. I det lange løp er det norsk presse som taper på ei slik utvikling.

Gjer terskelen høgre

Med dei vinklingane Sunnmørsposten og Bygdebladet har valt i dekninga av denne konkret PFU-klaga, medverkar dei til at denne terskelen blir gjort endå høgre. Begge organ vel ein tabloid inngang der klagar blir mistenkeleggjort. Pressen vert kalla den fjerde statsmakt.

Alle makter treng å møte motstand. Leiande pressefolk i Noreg såg dette på midten av 1930-talet. Dei etablerte eit system for at dei sjølve skulle bli etterprøvd. Respekten for ordninga er lagt stein på stein, men blir sjølvsagt svekka når eit medieorgan så tydeleg gir uttrykk for at dei mislikar å bli konfrontert med dei etiske sidene ved eigen journalistikk.

Helge Simonnes

Tidl. redaktør i Vårt Land

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Ørnulf Opdahl åpner ny grafikkutstilling i Khåk kunsthall, og fyller fortsatt Kube

Kunstneren tar plass

Ørnulf Opdahl forsvarer valget av dronning Sonja som utstillingsåpner på Kode i Bergen, samtidig som han selv fyller både Kube og Khåk i Ålesund.

50 ganger i Tyrkia - svikter ikke i år heller

Reiseselskapene har droppet Tyrkia og terrorfrykten skremmer mange. Likevel er det noen som drar tilbake til sitt ferieparadis.

Apple Music satser på Sigrid Raabe

I en måned promoteres Sigrid Raabe på Apple music.

Birgitte Ringstad Vartdal tildeles anerkjent pris:

Hedres som kvinne i mannsdominert yrke

Viste fram splitter ny samdriftsfjøs på Vigra:

Satsar på ammekyr

– Eg var ikkje så gira på samdrift i starten, men for to år sidan var eg klar.