Mange har bunaden høgt opp på denne lista. Ikkje fordi den er dyr, men fordi den er uerstatteleg. Bunaden er ei personleg eigedel, med si eiga historie som er like viktig som familiefotografia.

Men dei siste åra har bunaden også utvikla seg til å bli eit statussymbol. Påkosta, med meir sølv og tilbehøyr enn tenkjast kan. Det er velstand knytt til bunaden. Ikkje berre skal ein ha rett bunad, men og ein som ser rett ut, overdådig pynta, med kostbare, handvevde stoff og broderi. Bunaden er ein del av den norske kulturarven, eit av dei mest tydelege nasjonale symbola saman med flagget og riksløva. Bunaden er verdt å ta vare på, da må vi aller først ta vare på gleda ved å bruke bunad og syte for at fleire får høve til å dele den gleda.

Noregs Ungdomslag har lenge vore opptatt av arbeidet med kvalitet i bunaden og formidle kunnskap om bruk og utforming. Vi har vore opptekne av dei historiske røtene til bunaden, og arbeidd fram nye variantar og meir tilbehøyr.

Vi må ta vår del av skulda for at bunaden har blitt eit kostbart plagg. Og for at ideen om rett og gale i bunadsspørsmål har fått så stor plass.

Ein treng ikkje betale i dyre dommar for sølv og broderi og tilbehøyr. Bunaden kan ha masse ekstra pynt, men den er like fin, like mykje bunad, om ein ikkje har det.

Det er på tide å ta det ned, ikkje gjere det så vanskeleg og dyrt å får seg bunad.

Men ingen ting av dette betyr stort om ikkje folk lenger bruker bunad. Det viktigaste er ikkje korleis bunaden ser ut, om det er rett eller gale, men at du bruker bunaden med glede. Og at du fortel historia om din bunad. Om kven som har sydd den, om arvestykke, familietradisjon, identitet og tilhøve. Det er det som gjev bunaden verdi.

Dette er vår oppmoding til alle no når vi går inn i høgsesongen for bunadbruk. Bruk bunaden med glede og fortel andre om din bunad.

Det er di historie og det er den som gjer bunaden verdifull. Det er summen av alle dei personlege bunadfortellingane som gjer bunaden til det den er i dag, eit symbol for ein heil nasjon.