Ho tek truleg ikkje ansvar for våre kloakkliner og utslepp. Piet Hein sa det så fortreffeleg: «Det velsignede med Jer Nordmenn er at det ver så langt mellom Jer»

Stoda er slik at nettopp av di det er så langt mellom oss, strøk så har me vore unnfalne med kva me sender i havet. Havet tar imot alt og løyser alt. Det eg ikkje ser eller forstår, slepp eg å stå til ansvar for, er omkvedet.

Det er ei kjensgjerning at alle, eller nesten alle kystkommunar, sender kloakkvatnet sitt rett i havet. Ut på djupet. Enkelte kommunar sender også papir og fekaliar (driten) ut i havet. Havet er resipienten som tar i mot alt vi sender ut.

Dette gjer me utan tanke på at alt vi sender ut kjem tilbake til oss i ei eller anna form. Gråvatnet, dvs. vatn frå vaskemaskiner, dusjar, badekar osb. går også rett ut i havet.

Sunnmørsposten meiner: «Imponerande vekst for sjømatnæringane»

I dei same område sym oppdrettsfisken vår. Denne næringa som me er stolt av og som gir oss mat. Veit me verkeleg kvar havstraumen går? Oppdrettsnæringa er stor, og den må få bli større. Det leie er at maten sym rundt i kloakk vatnet vårt. No seier sikkert Mattilsynet at dette er trygt. Ja, det vart trygt tidlegare også å sende alt hushaldningsavfallet rett i havet. Eg huskar at der var stålrenner i kvar ei kommune i vårt område som tømte dagleg lastebillass med avfall i havet. Etter kvart vart dette heldigvis sett som ei uheldig «løysing». Det forstod me alle.

I andre kyststatar i Europa er det forbode å la kloakkvatnet gå i havet. På Shetland grunngir dei bl.a. dette med at oppdrettsnæringa må ha reint hav. Eitt er kva fagorgan seier om kloakkutslepp rett i havet, noko heilt anna er kva kundane seier. Kunden i Paris trur norsk laks er villfisk som sym i fossefall og reint vatn.

Oj! Eg vil verkeleg tru at dersom husmora i Paris og andre stadar fekk høyre at norsk laks sym i kloakkvatn, så vil ho nok endre sitt kjøpsmønster. Det me gjer er å setje vårt omdøme på spel.

Det tar tid nå bygge opp eit godt omdøme. Det er gjort på ein augneblikk å rive alt ned.

Må også seie at eg vart forundra då Tine vurderer å flytte produksjonen av enkelte varer og setje 90 til 120 arbeidsplassar på spel dersom ikkje dei får fortsette å forureine. Eg har vanskeleg for å forstå ei slik haldning.

Rune BrandalUlsteinvik

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.