GRAVLAGT Wilhelmine Holmboe-Schenström ligger gravlagt på gravlunden ved Borre kirke i Vestfold.
(Foto: Privat)

GRAVLAGT Wilhelmine Holmboe-Schenström ligger gravlagt på gravlunden ved Borre kirke i Vestfold. Foto: Privat

Wielma Lhombino var kunstnarnamnet:

Ålesunds første operasanger

Sommaren 1937 fylte ein «kjent og kjær skikkelse» i Åsgårdstrand 95 år. Lokalavisa kunne fortelje at ho ikkje var nokon alminneleg gammal dame.

«Hun er i full aktivitet, går turer hver dag og bader i sjøen hver dag hvor hun riktig koser seg i bølgene.»

Dama heitte Wilhelmine Holmboe-Schenstrøm og vart fødd og vaks opp i Borgund prestegjeld i det som no er Ålesund kommune.

Kan ho ha vore den første profesjonelle songaren frå Ålesund?

Med den uvanlege karrieren ho hadde, er det merkeleg at ho heilt har gått i gløymeboka i fødebyen.

Oppvekst på Fredsberg

Sara Wilhelmine, som ho var døypt, var den nest yngste i ein søskenflokk på ti som vaks opp i det store huset til sorenskrivar på Nordre Sunnmøre, Joakim Gotsche Holmboe på Fredsberg.

Dei to husa dei budde i vart kjøpte andre stader og sette opp på Fredsberg tidleg på 1850-talet, men brende i 1962. Det sobre kvite huset som står der i dag, står på same tomta.

Eigedomen vart selt frå Holmboe til Rasmus Gerhard Rønneberg, som gifte seg med ei av dei seks søstrene til Wilhelmine, Anna. Sidan har Rønnebergfamilien eigd denne staden. Mora til Wilhelmine var fødd Øwre og vaks opp på Molde. Faren var frå Trondenes.

Wilhelmine blir songar

Faren såg at Wilhelmine hadde talent – det var òg respektabelt for ei kvinne av overklassa å vere songar – og sende henne etter konfirmasjonen til Kristiania til undervisning. Der lærte ho song hjå organist Magnus og tok pianotimar hjå Halfdan Kjerulf.

Då Erika Nissen skulle halde sin første pianokonsert bad ho Wilhelmine om å synge. Ho song Rosinas Arie frå Barberaren i Sevilla, «og gjorde enestående lykke. Hertil bidrog også hennes vakre utseende», som det står i nekrologen over henne.

Vidare utdanning førte henne til København i to år der ho studerte under Karl Helsted. Vidare fem år i Paris hjå Pauline Viardot Garcia. Ho tok òg timar hjå M. G. Roger, leiande tenor på operaen, for ho ville heller synge opera enn å opptre på konsertar. Ho debuterte på operaen i Liege i Verdis «Maskeballet».

VAKS OPP Vaks opp: Wilhelmine Holmboe-Schenström vaks opp i det store huset til sorenskrivar på Nordre Sunnmøre, Joakim Gotsche Hambroe på Fredsberg.

VAKS OPP Vaks opp: Wilhelmine Holmboe-Schenström vaks opp i det store huset til sorenskrivar på Nordre Sunnmøre, Joakim Gotsche Hambroe på Fredsberg.

 

På ferd gjennom Europa

Vel heime i Kristiania fekk ho råd av Henrik Ibsen om å dra til Stockholm og prøve seg der. Det var eit lykketreff. Ho song både på Stora Teatern og i Musikaliska Akademien der ho gjorde furore, skal ein tru kjeldene. Ho vart i alle fall kjend med kongeparet, noko som kom til nytte seinare.

Frå 1872 til 1876 reiste ho som konsertsongarinne til Tyskland, Frankrike, England og Skandinavia og frå 1876 til 1880 som operasongarinne i Italia, Frankrike og Belgia. I Paris var ho ved operaen i Versailles og i Italia ved operaen i Napoli i tre år der ho song hovudrolla i alle operaane som vart oppførde der. «Med sin praktfulle altstemme gjorde hun lykke i dem alle», som det står i boka Norske Kvinder.

Heile det kultiverte selskapet var over seg av lovord

PR-agent for Edvard Grieg

Etter to år i Italia vart ho ein kveld invitert til ein «soirée» på slottet Capo di Monte hjå minister Pasquale Mancini.

Han var ikkje mindre enn den åttande marki av Fusignano. Wielma Lhombino, som var kunstnarnamnet hennar, song først ei «stor arie, som viste min stemmes omfang og mitt kunstnernivå».

Og så – for å heidre sitt land – song ho nokre romansar av Edvard Grieg «som i 70-årene var fullstendig ukjent i Syd-Italien».

Heile det kultiverte selskapet var over seg av lovord.

Dei hadde aldri trudd at dei kalde nordmennene kunne skape noko så vakkert.

Edvard Grieg hadde gjeve henne komposisjonen sin «Foran Sydens Kloster» med nokså «pessimistiske yttringer om den skjæbne hans komposisjoner hadde her hjemme». Det bestemte ho seg for å gjere noko med. Ho drog difor på turné med dette verket til Trondheim, Kristiansund, Molde, Ålesund, Bergen, Stavanger, Kristiansand og Kristiania.

Alle stadar samla ho damekor og ei altstemme, song sjølv sopranpartiet og innstuderte det heile.

Høgdepunktet var nok likevel då ho på slottet Drottningholm, på Dronning Sophias inntrengande oppmoding, song den store duetten i andre akt saman med Hans Majestet Kong Oscar, som song Fausts parti «som ein fullt ut kunstner».

Giftemål – og karriere

I august 1880 gifte ho seg i Borgund kyrkje med Rolf Schenstrøm, svensk major og fysioterapeut. Det var slutten på turnélivet.

Gifte kvinner av overklassa arbeidde ikkje som profesjonelle songarinner.

Men ho held fram med å undervise i song og ho skreiv i aviser og tidsskrift om musikk. Ho komponerte òg melodien til eit dikt av Ibsen si svigermor, Magdalena Thoresen. Ekteparet levde eit kosmopolitisk liv. Dei to eldste barna, Rodolfa og Willian, vart fødde i Paris der faren dreiv eit fysikalsk institutt.

Den yngste, Jeanne vart fødd i Sverige i 1889. Like etter etablerte dei seg i Kristiania.

På slutten av 1890-talet må dei ha kjøpt sommarbustaden i Åsgårdstrand der ho altså bada kvar dag og boltra seg i bylgjene.

Men Wilhelmina slepte ikkje kontakten med Ålesund. Sommaren 1886 stod det ei annonse i Aalesunds Handels og Søfartstidende at Wilhelmine Holmboe-Schenstrøm skulle halde kurs i song i august og september dersom nok elevar melde seg. Dei som var interesserte skulle vende seg til Gyda Sødring. Gyda var yngste søster til Wilhelmine.

Ho var gift med bylegen og hadde ein viktig posisjon i byen.

Borgarleg kvinnesakskvinne

I mars 1921 var Wilhelmine ute saman med ei rad kjende norske yrkes- og kvinnesakskvinner, og støtta utgjevinga av ei ny avis, Norges Kvinder. «Vi må ha et blad, som kan være kvindernes eget talerør uanset deres parti og standpunkt. Et blad, hvori kvinder kan si sin mening, og hvori vi kan kjæmpe for at faa kvinderne frem.» Dette var den borgerlege kvinnerørsla, avantgarden i kvinnesaksarbeidet i Noreg.

Frå det som er skrive om henne må ho ha vore ei særs sjarmerande og viljesterk kvinne, aktiv og sosial og med vide kulturelle interesser, men det er ingen grunn til å tru at ho var nokon radikalar.

Ho var først og fremst patriot, står det om henne i kvinnebladet Urd då ho døydde.

I ein artikkel i Nordisk Tidende i 1931 fortel dei at den 88 år gamle dama var «levende interessert i tidens spørsmål» og skreiv kvar veke til sonen sin, som då budde i Spania, for å orientere han om tilhøva i Noreg.

Heilt til det siste heldt ho kvar torsdag «mottakelser» i heimen – det dei gamle franskmennene kalla «salong» – og der ho med liv og sjel diskuterte det som låg henne på hjartet.

Barna flyg for alle vindar

Dei tre barna hennar reiste alle frå landet. Rodolfa busette seg i London, tok mora sitt kunstnarnamn og gjorde karriere som operasongar og lærar. Det er eit vakkert foto av henne i National Portrait Gallery.

Den 8. mai 1919 var det «fasjonabelt bryllup» på Fifth Evenue i New York der William Schenstrøm heldt «reception» for syster si, Jeanne, som gifte seg.

William var president til Electric Welding Co. I tillegg var han ein ivrig ryttar og var medlem av Brooklyn Riding and Driving Club, The Engenieers’ Country Club og Crescent Athletic Club, kunne Nordisk Tidende fortelje.

William gjorde ei eventyrleg karriere i USA etter at han fann opp ein metode for elektrisk sveising.

Då mora døydde 18. november 1939 og vart gravlagd på Borre kyrkjegard ved Åsgårdstrand sette dei tre barna hennar opp eit stolt minnesmerke over henne. «I erindring av vår dyrebare mor».

VAKS OPP Vaks opp: Wilhelmine Holmboe-Schenström vaks opp i det store huset til sorenskrivar på Nordre Sunnmøre, Joakim Gotsche Hambroe på Fredsberg.

VAKS OPP Vaks opp: Wilhelmine Holmboe-Schenström vaks opp i det store huset til sorenskrivar på Nordre Sunnmøre, Joakim Gotsche Hambroe på Fredsberg.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Ekteparet levde eit kosmopolitisk liv

Leses nå
 

Malakoff 2017