Innleggsforfattar Kristin Sørheim.

Regjeringa med samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen skal ha skryt for ei bra satsing på samferdsel på «si vakt».

I lag med regjeringa sine støtteparti, og også delvis opposisjonen, gjer dette at Møre og Romsdal kan få gjort noko med viktige riksvegstrekningar dei neste åra – dersom dei årlege løyvingane følgjer opp intensjonane i Nasjonal Transportplan (NTP).

Strynefjellsvegen er nemnd, det same er Hafast og Halsafjordsambandet.

80 prosent er fylkesvegar

Er det da meir å snakke om i innspurten av valkampen? Ja, absolutt! Den viktigaste og mest prekære oppgåva innan samferdsel på veg, er å hindre forfall og utbetre flaskehalsar og trafikkfarlege strekningar på eksisterande vegnett.

Det gjeld både riksvegar, fylkesvegar og kommunevegar.

Fylkesvegane utgjer nesten 80 prosent av vegnettet. Dersom kommune- og fylkesvegar ikkje held mål, hjelper det lite med firefelts motorvegar der staten har ansvaret.

Både næringstrafikken og persontrafikken må komme seg fram til desse motorvegane. Folk bur langs kommune- og fylkesvegar, næringslivet er i all hovudsak plassert langs desse vegane og ikkje ved motorvegane.

Ingen asfalt til elendig eksportveg: Viktig veg smuldrar opp

90 milliardar i etterslep

Statens vegvesen har rekna ut at det vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane er om lag 90 mrd.

I Møre og Romsdal treng vi sikkert 6–8 mrd. for å ruste opp tunnelane, ferjekaiene, bruene og vegane vår til lovleg og forsvarleg standard.

Berre for at vegane ikkje skal forfalle meir frå eitt år til neste, treng vi 130–140 mill. i året.

I dag har vi til disposisjon 60–70 mill. Til nye, litt større prosjekt, har vi ikkje ei krone til anna enn det som er vedteke (Nordøyvegen, Nerlandsøybrua og Godøytunnelen) og det er nesten ikkje pengar til utbetring av flaskehalsar og trafikkfarlege strekningar – noko vi har til overmål i fylket.

Les fleire saker om stortingsvalet 2017.

Forpliktande løft

For næringsliv og busetting og bulyst i heile landet, er vegvedlikehald, trafikktrygging og gang- og sykkelvegar avgjerande. Viss Senterpartiet får oppslutning og kjem i posisjon etter haustens val, vil vi satse kraftig på å redusere etterslepet på vedlikehald på både riks-, fylkes- og kommunevegar.

Det må gjennomførast eit forpliktande løft for fylkesvegane, der staten bidreg med ekstra midlar til store fylkesvegprosjekt (slik det var før). Vi vil styrke satsinga på gang- og sykkelvegar både i byar, tettstader og langs skuleveg, og på skredsikring og tunnelsikring.

Senterpartiet fremma alternative forslag ved handsaminga av NTP, slik som eit tiårig etterslepsprogram for fylkesveg og auka midlar til tunnelsikring og skredsikring, seks milliardar kroner til breibanddekning i heile landet, auka satsing på hamner og andre kysttiltak.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Kan utsetje 39

Senterpartiet følgde også opp dette i vårt alternative forslag til statsbudsjett for 2017.

Dersom vi får tilslutning, kan vi t.d. få gjort noko med fylkesvegane 60, 61, 64 og 65, i tillegg til utbetring av bruer og tunnelar og flaskehalsar på andre fylkesvegar.

I verste fall kan ei auka satsing på vedlikehald og opprusting føre til ei viss utsetjing av ferjefri E 39, men det kan også bety tid til å utvikle ny teknologi og finne mindre kostbare løysingar. Det kan vi leve med dersom vi får nok kapasitet og god frekvens på ferjene.

Kristin SørheimLeiar i Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal (Sp)

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.