Vi må ikkje gløyme at «Polarstar»har vorte redda frå å verte spikar ein gong tidlegare.

«Polarstar»fekk nytt ståldekk, noko som Jarl Brandal og Vartdal Verft stod i bresjen for.

Jarl Brandal døydde i juni 2017, og får dessverre ikkje oppleve heimkomsten av skuta.

Polarstar vart i såpass stand, at den hadde to turar på selfangst.

Skuta var også med på Cutty Sark i Ålesund. Det var ei stor oppleving for dei som hadde restaurert Polarstar. Dei selde spesielle t-skjorter med motiv av skuta og det var kafé på dekk, i nydeleg ver.

Ein stiftelse vart oppretta, men det vart inga løysing på vidare arbeid.

I 2008 tok Willy Nesset, med støtte frå næringslivet, over skuta og redda Polarstar atter ein gong frå å verte spikar. I 2013 starta restaurering av skuta i Polen.

Lukke til med feiring og heimkomst av skuta, men ærast dei som ærast bør:

Bjarne, Jarl, Lars Brandal med fleire.

Utan dei hadde «Polarstar»ikkje kommen heim att laurdag.

Gratulerer med dagen! Lukke til vidare.

Bente Mork Blindheim

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.