Der skreiv dei mellom anna at «Uvitende, uansvarlige og irrasjonelle borgere har en moralsk plikt til å avstå frå å stemme».

Dette skapte ein mediedebatt med både rettvis harme, men og merkeleg mykje støtte. Dette siste syner oss at mektige krefter ynskjer tida tilbake til «fordums glans». Det vil seie då menn var menn og måtte ha eigedom eller tittel, og framfor alt ikkje vere kvinne, for å ha røysterett.

104 år med røysterett for «irrasjonelle» kvinner har nok sett sine djupe spor i nokre mannehjerner.

All utviding av demokratiet har kome etter kamp mot dei rike og mektige. Deira argument har heile tida vore dei same.

Var dei for unge var dei ikkje kompetente, var dei kvinne, like så. Kunne dei ikkje nok om bank, finans og næringsliv, og mangla eigedom, var dei slett ikkje skikka. Mektige antidemokratar, både valde og sjølvoppnemnde, har til alle tider forfekta at ålmenta ikkje har den tilstrekkelege kompetansen til å delta i demokratiet.

Eg synest at i 2017 bør desse haldningane skremme oss.

Gnålet om at ein skal ha så og så mykje kunnskap for å delta i val, har over tid gitt altfor mange heimesitjarar og tvil og uvisse om kva val eigentleg handlar om.

Alle dagar i året er makt og medverknad ekstremt skeivt fordelt. Alle desse dagane er ein arena for dei som har makt, og som kan å bruke denne. Økonomisk og politisk kapital styrer (desse dagane) gjennom sine nettverk i dei øvre samfunnslaga.

Så har vi då denne eine dagen, som dei fryktar kan stikke kjeppar i hjula for deira økonomisk funderte styring.

Denne tilkjempa dagen gir oss den demokratiske retten til eit val, der alle har ei røyst som veg like mykje. I mange land kjempar folk enno i dag, med livet som innsats, for å få denne retten til demokratiske val. Her som vi alt har det, må dagen brukast av så mange som råd. Demokrati er folkestyre.

Den beste valdagen har i mine augo ingen heimesitjarar, eller «uvitende, uansvarlige og irrasjonelle borgere». Til urnene!

Magnar Furset, Stranda