Etter meir enn 16 års erfaring, som forfattar av fagbøker i matematikk, kurs og seminar for tusenvis av lærarar, har norske politikarar frå Venstre, Høgre, Frp og Arbeidarpartiet formelt «avskilta» undervisingsretten i fleire fag for Tjora og tusenvis av andre lærarar. Dei har no i ein overgangsperiode på 10 år lov til å undervise på dispensasjon, om ikkje skulane finn nokon som er meir kvalifisert.

Det skjer sjølv om mange har formelle studiepoeng i faga dei har undervist i, og ikkje minst lang erfaring. «En spyttklyse fra kunnskapsministeren» kalla Tjora det.

Svaret frå Venstre og Høgrepartia er at lærarar som tek til motmæle mot «avskiltinga» er mot kunnskap! Nei. Norske lærarar er ikkje og har aldri vore mot kunnskap.

Denne retorikken er stråmannsargumentasjon frå politikarar som ikkje vil innsjå at dei har trakka over ei moralsk grense ved å gi lova tilbakeverkande kraft.

Det kan vere rett å sette nye kompetansekrav i fag og endre utdanningslengda for lærarar. Det har vore gjort ein rekke gongar, men då ikkje med tilbakeverkande kraft.

Lærarar har hatt papir på at dei har godkjent utdanning til å undervise. No må mange av dei stå med lua i handa for å få dispensasjon til å undervise i fag dei har undervist i kanskje ein halv mannsalder.

Det er audmjukande og nedverdigande for det som ofte blir kalla Noreg si viktigaste yrkesgruppe. Kan ein sjå føre seg same behandlinga av legar, som måtte ta opp att si grunnutdanning, medan ukvalifiserte kunne gå inn i stillingane deira?

Som ein utilsikta konsekvens vil lærarar vurdere å gå av med AFP når dei blir 62 år. Skulen manglar allereie tusenvis av lærarar, og om få år kan talet vere snautt 40.000.

Er det betre å fylle opp klasseromma med folk utan utdanning?

Vedtaket har formelt avskilta lærarar. Det er ikkje lærarane som har tid på seg til 2025 til å ta vidareutdanning, det er skuleeigar. «Avskilta» lærarar har altså ikkje ein rett til å få fagleg påfyll, og risikerer å bli ståande bakarst i køen om dei søker jobb på ein annan skule.

Ei mogleg løysing på denne verkebyllen er å sjå til at lærarane som er avskilta får ein lovfesta rett til å ta denne vidareutdanninga med full løn. Då vil mykje av uretten bli fjerna.

Kunnskap er framtidas olje for Noreg, blir det sagt. Då må ein ha med seg lærarane og løfte saman, ikkje audmjuke dei offentleg.

Julie GunstensenHåvard MoeUtdanningsforbundet i Møre og Romsdal