Det har justisminister Amundsen prestert når han får det til å sjå ut som om han har lukkast meir enn han eigentleg har med å få politifolk ut i gatene. Han viser stadig til at det no er over 1800 fleire stillingar i politietaten, men i praksis har det vist seg at under halvparten av desse er politifolk i politidistrikta.Nyleg påsto han at det i første halvår var tilsett over 300 politifolk i distrikta. Tal frå Politidirektoratet viser at han har tatt litt vel hardt i og nær dobla talet.

No nokre dagar før valet er det valflesk i omløp – 1500 nye politifolk kan ulike stortingsrepresentantar frå Høgre love, og prøver å framstille det som om denne lovnaden står og fell med om Høgre kjem i regjering igjen.

Nokre kommentarar må til: Det er eit tverrpolitisk mål at landet skal ha to politifolk per 1000 innbyggjarar innan 2020, og det var den raud-grøne regjeringa som gjennom å doble opptaket til Politihøgskulen gjorde det mogleg å auke talet slik. Høgres Peter Chr. Frølich presterer å seie at det er nødvendig å halde Senterpartiet borte frå regjeringskontora, fordi vi visstnok vil setje politietaten fleire år tilbake i tid viss vi kjem til makta.

Når det gjeld måltalet om to politi per 1000 innbyggjarar, går Senterpartiet faktisk lenger enn alle dei andre partia, fordi vi meiner dette må målast på politidistriktsnivå og ikkje for landet som heilskap. Ei gradvis auke fram til alle politidistrikt har to per 1000 inneber i praksis ein langt større auke enn det Høgre no skryt av at dei garanterer.

Dei burde svara på om dei er einige med oss i at kvart politidistrikt i landet burde få minst to politifolk per 1000 innbyggjarar. Eg trur dei vil svara svært vagt på eit slikt spørsmål. Dessutan: At Senterpartiet ønskte ei anna politireform enn den sentraliserande reforma som stortingsfleirtalet vedtok, er ikkje det same som at vi ønskjer å reversere fornuftige tiltak.

Også vi ønskte meir politiarbeid på staden, meir bruk av ny teknologi, meir samarbeid og betre leiing. Det vi ikkje ønskte, var å leggje ned over 120 lensmannskontor. Så vår reversering vil i praksis vera at vedtak om nedlegging blir sett på på nytt. Dette skal gjelde der kommunane klaga på nedlegginga. Dessutan ønskjer vi å setje strengare krav til responstid slik at også distrikta får nytte av krava, samt la lensmannskontor som no har passutstedelse få behalde dette. Konklusjonen er klår: For meir reelt nærpoliti og polititenester nært folk må Høgre haldast ute frå regjeringskontora.

Jenny Klingejustispolitisk talskvinne, Senterpartiet