Dette uttrykket blei brukt på ein nedsettande måte.

... som bygdefolk,

... som nordlending,

... som homo,

... som tyskarane.

Uttrykket var: «Folk frå ikkje-vestlege land».

Dette uttrykket verka sårande og sette meg i bås og sa indirekte til meg på ein måte at eg høyrer ikkje til Noreg.

Kriminelle handlingar og ugjerningar kan bli utført av eit menneske uansett alder, kjønn, land, språk eller religion.

Kva skal ein vere varsam med? Er det folk sine ugjerningar eller folk sine etniske eller religiøse bakgrunn?

Er det greitt og rett å skilje folket i landet vårt som folk frå vestlege land og frå ikkje-vestlege land?

Utsjånaden min kan røpe mykje om mitt austlege eller sørlege opphav. Kan den fortelje om kor mange av mine verdiar er lik dei norske?

Eg hadde aldri opplevd å bli behandla med respekt av politiet før eg kom til Noreg. Helse -personell er ikkje som halvgudar her i Noreg, men omsorgsfulle og høflege medmenneske. Sånne norsk verdiar set eg stor pris på.

Er det norske verdig å sette FN sine menneskerettar til side når det gjeld flyktningar?

«Ave Maria»

«Velsigna er du mellom kvinner.

Heldigvis enda din flukt med Josef og vesle Jesus i Egypt for mange hundre år sidan; ikkje no til dags til Noreg for å blitt omtala negativt som folk frå ikkje vestlege land.»

Det er trist no til dags i Noreg å bli omtala som dei ikkje vestlege, som helst ikkje er ønska her hos oss.

Nadarajah Gunapalan, Ørskog