Siv Katrin Ulla.
            (Foto: June R. Johansen)

Siv Katrin Ulla.Foto: June R. Johansen

«Skal vi få gjort noko med tvangsvedtaket?»

For meg har valkampen i år engasjert enormt. Tanken på fire nye år med same regjeringa har vore med på gjere at eg har utvikla både ekstra stemmekraft og utrøytteleg driv til å stå på stand.

Den har og gitt meg ei unaturleg sterk lyst til å drive valkamp ut i dei små timar og søvn treng ein visst ikkje lenger! Ny giv og engasjement manglar ikkje, eg vaknar kvar ein dag enda meir klar for å drive valkamp enn dagen før! Mykje engasjerer og slik har det alltid vore.

Likevel. Der har vore ei sak som har vore ein ekstra sterk motivator i valkampen for meg og andre. Nemleg tvangen mot Haram kommune i Stortinget før sommaren. Opplevinga var såpass sterk at det enno kan få adrenalinet til å bruse berre ved tanken. Haram Ap hadde i lag med fleirtalet i kommunestyret vedteke å stå åleine og fortsette som eiga kommune, men vart overkøyrde av ein maktglad gjeng. Lobbyverksemd er viktig og det same gjeld kven ein kjenner. Vi har og gjort vårt på den fronten, utan same hell. No snur eg meg til folket. De som kan røyste.

Mi bøn til alle dei som les dette er som følgjer:

Gå ut og bruk røysteretten din! Røyst! Ikkje sit heime men hjelp oss til å få regjeringsskifte slik at vi i Haram, i lag med dei andre i same situasjonen, kan få omgjort tvangsvedtaket! Kvar ei stemme til dei rette kandidatane tel!

Eg er ikkje i tvil om at vi kan vinne valet men vi treng di hjelp! Hugs – så lenge det er liv er det håp. Og det er så til de grader liv i Haram for tida. Vi gir oss ikkje før alt er prøvd.

Siv Katrin Ulla
leiar for Haram Arbeidarparti

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Kystreiarlaga og Ekornes samde om at dei som lagar varene bør få økonomiske gulrøter:

– Endringa frå land- til sjøtransport skjer for sakte