Vegen mellom Ålesund og Vestnes vart bygd i fleire etappar. Første del av vegen frå Ålesund til Rødset vart bygd 1890-96. Vegen mellom Rødset -Sjøholt vart starta i 1910. Bygginga av bruene over Skodjestraumen var eit ledd i vegen mellom Rødset - Sjøholt i ruta Ålesund - Vestnes. Det vart hevda at dersom ein kunne byggje bru over Skodjestraumen kunne ein minske distansen mellom Ålesund og Vestnes med 7

Nils Hovdenak ved vegkontoret i Molde prosjekterte og konstruerte Skodjebruene. Hovdenak var sjef under byggeperioden. Han er også kjend for å planlegge Kløvstien og Trollstigen. Nils Hovdenak var arbeidsminister i Jens Bratlie si regjering frå 1912-13. I bygdebok for Skodje står: «Skulle nokon einskildmann ha æra for denne brua, så måtte det vere amtsingeniør Nils Hovdenak. Dei som var mot brua, og tykte ho vart skammeleg dyr, dei har kalla ho for Hovdenak sitt mausoleum.»

Rasmus Tenfjord hadde med brørne sine Nikolai og Olav. Rasmus sin son Bernhard deltok også med å byggje bruene. Bernhard var ikkje konfirmert då han tok til arbeidet på brua, men han jobba 10 timars dag som dei andre. Ein gong for veka sykla han til Sjøholt for å lese for presten. Under brubygginga brukte arbeidarane ei stor kran med svingbar arm. Ein gong miste Bernhard fotfeste når han skulle ta i kroken. Han greip kroken med ei hand og hang å dingla 20 meter over Skodjestraumen. Bommen vart roleg svinga inn mot land og Bernhard vart berga. Rasmus Tenfjord fekk etterkvart ansvar for alt med naturstein. I eit avisintervju med Sunnmørsposten 14.mai 1965 sa Rasmus at løna den fyrste tida var 35 øre i timen. Ved slutten av byggjeperioden auka den til 1 krone og 80 øre.

Matias Braute frå Ørskog var bas for forskalingssnikkarane. Matias Braute hadde arbeidt i mange år som snikkar i San Francisco. Han hadde ein svært vanskeleg og ansvarsfull jobb. Det vart saga stokkar av lange furer frå Solnør gard. Store mengder forskalingsmateriell gjekk med til bygginga av bruene. Dei tilsette måtte halde med verktøy sjølv. Lars Grindvik frå Skodje var også forskalingsnikkar. Det har vorte fortalt at stillasen han stod på falt ned og Lars datt i sjøen. Han tok med seg øksa si i fallet. Han sa: «Når ein har slik dårleg lønn må ein berge øksa».

Klinkersteinen vart mura av eit arbeidslag frå Molde der Erik Huseby var bas. Karl Berg, Martin Berg, Peder Nilsen Strømmen, Peder Eidskrem, Lars Nerlid, Lars Skrede, Lars Langnes, Anton Skodjevåg, Kristian Eidskrem, Nils Leite, Rasmus Brusdal, Bjarne Vemøy, Lars Flåte, Johannes Sortehaug, Karl Sortehaug, Knut Vemøy, Bjarne Vemøy, Sigvard Stafseth og Ole Løvold arbeide også på Skodjebruene. I eit intervju med Jens Ytreberg i 1975 i Bygdebladet står det at Olav Tenfjord og Jens Ytreberg frakta store mengder støypesand frå Eidsvikfjøra i Haram. Dei brukte ei pram som dei leste full på fjøre sjø. Johan Tenfjord hadde laga ei taubane ved brua som gjekk tvers over straumen. Dei brukte den til å heise opp materiale til bygginga. Sementen som vart brukt kom i 180 kg tønner og all betong vart blanda for hand. Smijernsrekkverket over begge bruene vart laga og montert av Bernt Riise og sønene hans. Bernt kom frå Hjørundfjorden. I smia vart jernet varma opp i ein open smelteomn som vert kalla «esse». Essa som vart brukt er i dag tatt vare på.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.

Ansvaret for arbeidet med tunnelen hadde to svenskar. Dei brukte handboring med feisel og bor. Eit arbeidslag byrja frå nordsida, medan det andre laget starta frå sørsida av tunnelen. Vegtunnelen ved Skodjebruene var den fyrste i fylket. I denne tunnelen står nokre av initialane til dei som var med å bygge brua. Tunnelen er 100 meter lang.

Birgitte Giskemo var kokke for arbeidarane. I Skodjestraumen er der ein rik fiskeplass, så det vart mykje fisk på middagsbordet. Hans Nygård frå Mosjøen byrja som arbeidar på Skodjebruene i 1917. Hans og kona kjøpte brakka som stod ved brua og flytta henne inn til Skodje. Dei budde der til 1930. I brakka voks blant andre Herluf Nygård opp. Han var med i Kompani Linge under krigen og vart sjef for Heimevernet i Norge.

Fleire av arbeidarane drog til Trollstigen for å jobbe der etter at Skodjebruene var ferdig, medan andre drog til Amerika. På Åndalsnes fekk dei ei «Rallarstatue» i 1999. På Sunnmøre har ein ikkje nytta ordet rallar, men vegslusk, anleggslusk og steinslusk.

Ottar NevstadLektor

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.