Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Innlegg om likestilling:

«Familien»

Det er ikkje alltid lett å få med seg alt som skjer rundt ein i samfunnet, men du bør kjenne til konsekvensen av stortingsvedtaket om Lov om likestilling og forbod mot diskriminering, juni 2017.

Den nye lova sin profil og målsetting er klar. Han skal fremme likestilling mellom alle, uavhengig av m.a. seksuell legning, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

Med likestilling meiner ein likeverd, like moglegheiter og like rettar. (§1) Standpunktet om at det heteroseksuelle ekteskapet står i ein særstilling i samfunnet, har stortingsfleirtalet gjennom støtte til denne lova, demontert.


Avlyser seminar om homo-samliv

Det planlagde seminaret Ørsta bedehus onsdag 4. oktober er avlyst.

Når homoseksuelle skal ha like moglegheiter og rettar som heteroseksuelle, må det og gjelde retten til å skaffe seg born og familie og då ved kunstige, unaturlege måtar som f.eks. surrogati.

KrF og Ap var sentrale i arbeidet med denne lova i Stortinget og då vil enkelte undre seg på om dette er sentralt i kristne sin ideologi, no?

Ein skulle kanskje tru at nokre ville hatt kristne i tankane då lova vart vedtatt. M.a. ved å sikre våre familiar fridom i høve lova sitt verkeområde, slik at kristne familiar kunne oppdra borna sine ut frå bibelen sitt syn på kjønn og samliv.

Dessverre kan det sjå ut til at stortingsfleirtalet såg det som viktig å hindre at familien fekk ein slik fridom.

Diskrimineringslova frå 2013 hadde ein unntaksparagraf: «Loven gjelder på alle områder i samfunnet, med unntak av familieliv og andre rent personlige forhold.»(§2)

Stortingsfleirtalet fekk hindra at ein slik paragraf kom inn i den nye lova. Paragraf 2 i den nye lova lyder no: «Loven gjelder på alle samfunnsområder». Det fører til at det er forbode og straffbart å la heim og oppdraging av borna bli styrt av bibelsk etikk på dette området.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Det er ikkje nytt at statsmakta tvingar sin ideologi på heile samfunnet, familien og heimen.

Under krigen stod den norske kyrkja opp mot staten sitt forsøk på å oppdra alle born og unge i nazistisk ideologi. Kyrkja heldt då fram foreldra sin rett til å oppdra sine døypte born i kristendom og ikkje nazisme. Kor er kyrkja no?

I dag må ein forstå stortings-fleirtalet som ein trussel mot familiar som vil halde fast ved at foreldre har ein rett til å oppdra borna sine i kristentrua utan diktat frå statsmakta under trussel om straff.

Er dette synspunkt som PDK er åleine om? Nei, vi kan vise til fleire m.a. professor Bernt Oftestad og Øivind Benestad i Mor Far Barn som har peika på dei uheldige sidene ved denne lova. No må vi leve med konsekvensane av lova i år framover og så får vi håpe at utslaga ikkje vil ramme deg eller dine.

Ole G. Steen
PDK Ålesund

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

I dag må ein forstå stortings-fleirtalet som ein trussel mot familiar som vil halde fast ved at foreldre har ein rett til å oppdra borna sine i kristentrua

Ole G. Steen
Leses nå
 

Forsiden nå:

Førpremiere på spillefilmen «Rett vest» på Ona:

– En skikkelig god-film